Svartinka (Coeligena prunellei) er ein kolibri med utbreiing i Andes i sentrale Colombia.
Skildring Svartinkaen er ein stor kolibriart, ca. 13,5 centimeter i kroppslengd, inkludert ca. 3 centimeter svart nebb. Kroppsmassen er opp mot 7 gram. Som namnet ymtar om er heile fjørdrakta mørk, lillasvart med ein fint avgrensa, kort, kvit krageflekk på sidene av halsen. Begge kjønna har strupeflekken, som er i grønblått. Hannen har ein særmerkt metallisk blå flekk på skuldrene, hoa sin flekk er mindre framtredande. Hoa har dessutan enda lengre nebb enn hannar.Züchner et al (1999)
Utbreiingsområdet er på vestsida av den austlege fjellkjeda av Andes gjennom Colombia, frå område like sørvest for Bogotá i sør, nordover langs fjellkjeda gjennom departementa Cundinamarca og Boyacá til noko sør for byen Bucaramanga i Santander-departementet. Her er habitata i fuktig alpin skog, t.d. eikeskog (Quercus humboldtii).Birdlife International (2015) Høgda er ca. 1000 til 2800 moh. Føda inkluderer nektar frå blomar på ei rekkje ulike planteartar inkludert fuksiaartar, og dei tar dessutan små leddyr.
Storleiken på populasjonen er dårleg kjent, men er estimert å ligge i området rundt 11 250 individ inkludert ungfuglar. Bestanden minkar og arten er klassifisert som sårbar av BirdLife International.
Kjelder Macana, D. C. and J. E. Zuluaga-Bonilla (2020). Black Inca (Coeligena prunellei), version 1.0. In Birds of the World (T. S. Schulenberg, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.blainc1.01 BirdLife International (2023) Species factsheet: Coeligena prunellei. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. august 2023 Referansar
Bakgrunnsstoff
Bilete frå Flickr.com
Kategori:Kolibrifamilien Kategori:Fuglar i andesregionen Kategori:Fuglar endemiske for Colombia Kategori:Kolibriar i Colombia