Tira (arabisk الطـّيرة, al-Tira, hebraisk skrift טִירָה, tyder «Fortet»Palmer, 1881, s.194 er ein hovudsakleg arabisk by i Det sentrale distriktet i Israel. Mot slutten av 2009 hadde byen eit folketal på 22 600. Han er ein del av Triangelet, ei samling av israelsk-arabiske byar og landsbyar nær Den grøne linja.
mini|venstre|Vegen inn i Tira frå sør.
Tira ligg nær Kfar Saba, ein større jødisk by, og er velkjend i området for den vekentlege utandørsmarknaden, i tillegg til sin arabiske mat.
Historie På 1100-talet, under krossfarane, vart landsbyen eigd av Johannesordenen. Han vart leigd ut til Robert av Sinjil og arvingane hans. På 1300- og 1400-talet var Tira stoppestad på vegen mellom Gaza og Damaskus,Petersen, 2001, s. 307, citing al-Zahri ed. Ravaisse, 199, Hartmann 1910, 689 og det vart bygd ein khan.Petersen, 2001, s.307, citing al-Umari ed. Shams al-Din
Seint på 1800-talet vart Tira skildra som: «Ein lett synleg landsby på ein knaus på ei slette, omgjeve av oliven, med ein brunn på vestsida.»Conder og Kitchener, 1882, SWP II, s. 166
I folketeljinga i 1931 hadde Tira 380 busette hus og eit folketal på 2 190 muslimar og to kristne.Mills, 1932, s. 58 I 1945 hadde han 3 180 arabiske innbyggjarar, som i alt eigde 26 803 dekar land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970 s.77
Venskapsbyar Tira er venskapsby med: Burg bei Magdeburg i Tyskland.
Sjå òg Arabiske stader i Israel
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tira, Israel» frå , den 19. juni 2015. oppgav desse kjeldene:
Hartmann, Richard (1910): Die Straße von Damaskus nach Kairo Zeitschrift der Deutschen Morgenländischen Gesellschaft › Bd. 64 (Sitert i Petersen, 2001)
Bakgrunnsstoff Velkomen til Tira
Kategori:Byar i Israel Kategori:Arabiske stader i Israel Kategori:Triangelet i Israel Kategori:Sharonsletta Kategori:Byar i Det sentrale distriktet i Israel