Britta Bilač, fødd Britta Vörös (), er ein tysk-slovensk tidlegare høgdehoppar fødd i Saalfeld i Thüringen i dåverande Aust-Tyskland. Ho vart europameister i høgdehopp i 1994 med personleg rekord på to meter jamnt.

Aktiv Britta Vörös vann i 1990 høgdehopptevlinga i den siste innandørsmeisterskapen i DDR med eit hopp på 1,91 m. Same våren kom ho med 1,94 m på andreplass i innandørs-EM i Glasgow, einast den dåverande landskvinna, Heike Henkel, hoppa betre.

I november 1991 gifta Vörös seg med den slovenske lengdehopparen Borut Bilač. Frå sesongen etter representerte ho Slovenia. Etter at Britta Bilač enda på 15. plass ved dei olympiske sommarleikane i Barcelona i 1992 sigra ho året etter i høgdetevlinga ved Mellomhavsleikane, medan ho enda på ellevteplass under verdsmeisterskapen i Stuttgart.

Ved europameisterskapen 1994 i Helsinki sette Bilač ny personleg rekord då ho svinga seg over 2,00 meter og vann ein klar siger. For den prestasjonen vart ho kåra til årets idrettsutøvar i Slovenia. Våren 1995 fekk ho sølvmedaljen under innandørs-EM 1995 i Barcelona, bakom Alina Astafei, men framom Heike Henkel. Sidan vart Bilač nummer ni under Sommar-OL i 1996 og nummer sju ved VM 1997.

Bilač var slovensk meister i høgdehopp i 1992, 1993 og 1997.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1992 i Barcelona: Nr 15 – 1,83 m VM 1993 i Stuttgart: Nr 11 – 1,88 m EM 1994 i Helsinki: Gullmedalje – 2,00 m, framom Jelena Guljajeva (1,96 m) OL 1996 i Atlanta: Nr 9 – 1,93 m VM 1997 i Aten: Nr 7 – 1,93 m

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Britta Bilač» frå , den 20. juni 2015.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Tyske høgdehopparar Kategori:Slovenske høgdehopparar Kategori:Slovenske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Slovenske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996