El'ad, òg skrive Elad (hebraisk skrift אלעד), er ein by i Sentral distrikt i Israel. Han ligg kring 25 km aust for Tel Aviv langs vegen mellom Rosh HaAyin og Shoham. I 2009 hadde byen eit folketal på 36 300. El'ad er den einaste staden i Israel som offisielt har status som ein religiøs kommune. Namnet El'ad tyder «Gud for alltid», men er òg namnet på eit medlem av Efraim-stamma, som budde i dette området (Første Krønikebok 7:21).Bitan, Hanna: 1948-1998: Fifty Years of 'Hityashvut': Atlas of Names of Settlements in Israel, Jerusalem 1999, Carta, s.6, ISBN 965-220-423-4 (hebraisk)
Historie Bygginga av El'ad byrja seint i 1990-åra, då regjeringa i 1990 avgjorde å byggje ei rekkje busetnader langs grensa til Vestbreidda under den dåverande bustadministeren Ariel Sharon, og gav raskt bustad for 50 000 innbyggjarar. Byen vart bygd frå starten av som eit planlagt samfunn i følgje byplanleggingsparadigme som minna om Modi'in og den nærliggande Shoham. Medan desse byane hadde ein blanda folkesetnad av ikkje-religiøse og religiøse jødar, var El'ad opphavleg planlagt for ei blanding av moderne ortodokse/religiøse sionistiske jødar og ultraortodokse haredi-jødar. Størsteparten av innbyggjarane er haredi-jødar. Leiligheitene er tilpassa folkegruppa som har ein tendens til å ha større familiar enn den gjennomsnittleg folkesetnaden.
I 1998 hadde El'ad alt fått status som lokal kommune og i februar 2008 fekk El'ad bystatus.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «El'ad» frå , den 21. juni 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Byar i Israel Kategori:Planlagde samfunn Kategori:Religiøse israelske samfunn Kategori:Byar i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1998 Kategori:1998 i Israel