Vidar Bergset () var ein norsk lærar og forfattar. Han arbeidde i barneskule og ungdomsskule og var også ei tid lærar på Valdres folkehøgskole. I den tida var han også redaktør av tidsskriftet Kristen Folkehøgskole.

Bergset gav ut fleire bøker med forteljingar, barnebøker og dikt. Han var også medforfattar av Norges Kristelege Folkehøgskolelags historie 1914-1984 og forfattar av Nordfjord Folkehøgskule 75 år – 1923-1998. I 2011 gav han ut Brennande liv, eit portrett av den danske presten og forfattaren Kaj Munk, som vart skoten av tyskarane under andre verdskrigen.

Bibliografi Bøker 1968 – Naudrop i fjellet (Larvik: Norsk Barneblads forlag) Tilgjengeleg i bokhylla.no 1969 – Ei mørk natt i oktober (Larvik: Norsk Barneblads forlag) Tilgjengeleg i bokhylla.no 1976 – Ein stad å setje sin fot : dikt (Oslo: Luther) Tilgjengeleg i bokhylla.no 1978 – Barndomens grøne dal : ein studie i Per-bøkene av Olav Sletto (Bergen) 1983 – Utafor alt eg veit : diktsamling (Oslo: Fonna) Tilgjengeleg i bokhylla.no 1984 – I tru og teneste : Ungdomskulelærarlaget/Noregs kristelege folkehøgskulelag 1914-1984 (Oslo: Folkehøgskulelaget) Tilgjengeleg i bokhylla.no 1988 – Folk og bygd : lokal litteratur frå Rand krins (Eige forlag / Rand skule) 1996 – I morgon skal vi møtast : diktsamling (Stryn: V. Bergset) Tilgjengeleg i bokhylla.no 1997 – Lagnaden - og alle dei andre : noveller (Stryn: V. Bergset) Tilgjengeleg i bokhylla.no 1998 – Nordfjord folkehøgskule 75 år : 1923-1998 (Sandane: Nordfjord folkehøgskule) Tilgjengeleg i bokhylla.no 1999 – Mot himmelsjå : lyrikk og prosa frå Fjelli (Eige forlag)

2006 – Skatten i åkeren : dagsord (Stryn: V. Bergset) 2008 – Fra sigledammen til hoppbakken (Valle: Setesdalforl.) 2011 – Brennande liv : ein biografi om Kaj Munk (Valle: Setesdalforl.) 2016 – Vandringar i språket (Eige forlag) 2017 – Ordet er liv : andaktsbok (Eige forlag) 2018 – På Kafé Globus ved kaia (Stryn: V. Bergset)

Kjelder Om Vidar Bergset i Allkunne

Bakgrunnsstoff

Om Vidar Bergset i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske pedagogar Kategori:Folk frå Stryn Kategori:Forfattarar frå Stryn Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Nynorskforfattarar