mini|venstre|Jo-Bu Primus. Denne saga er utstilt på Norsk skogmuseum. Jo-Bu Primus var den fyrste prototypen som som vart utvikla i 1947 av Jo-Bu Mekaniske Verksted ASLarsen, Ø.R. (red.), Jo-Bu: Skogen og folket, Follo museum, 2013.. Det var Gunnar Busk som stor for utviklinga. Motoren i Primus var ein franskprodusert Willys trøsykelhjelpemotor som vart kjøpt hjå ein skraphandlar i Oslo. Motoren hadde slagvolum på 98 cm³ og var utstyrt med flottørforgassarVevstad, A., Motorsaga - fra tømmerfellingsmaskin til håndredskap, i (red.) Fossum, T., Årbok for Norsk skogbruksmuseum nr 9, 1978 - 1981, Norsk skogbruksmuseum, 1981.. I motsetning til det serieproduserte sagene Senior og Junior hadde Primus sentrifugalkopling og direktedrift av kjeda. Ramma var laga av raiatorrøyr. Saga hadde ein masse på 17 kg. Bensintanken var henta frå ein gamal primus, og det var dette som var opphavet til at saga vart kalla «Primus». Den fyrste kjeda vart henta frå ei snekkarmaskin, men fungerte ikkje så bra. Busk laga då ei kjede med høveltenner. og slike kjeder vart produserte heile 1950-talet .
Referansar
Kategori:Jo-Bu motorsager