«When You Say» er ein song av den britiske rockegruppa Fleetwood Mac, skriven av gitaristen Danny Kirwan, og først gjeven ut på albumet deira Then Play On i 1969.
Seinare det året vart han spelt inn og gjeven ut som den første solosingelen til den tidlegare Chicken Shack-klaverspelaren og vokalisten Christine Perfect, som då var gift med Fleetwood Mac-bassisten John McVie. Kirwan produserte versjonen til Perfect av song. B-sida til singelen var «No Road Is the Right Road», skriven av Christine Perfect men tilskriven Olwen Simmonds. Singelen selde dårleg, delvis fordi Perfect ikkje ønskte å spele på BBC-showet Top of the Pops.
Medverkande Fleetwood Mac-versjonen Danny Kirwan – gitar, vokal John McVie – bassgitar
Christine Perfect-versjonen Christine Perfect – vokal, klaverinstrument Danny Kirwan – gitar John McVie – bassgitar Top Topham – gitar på b-side Rick Hayward – gitar på b-side Martin Dunsford – bassgitar på b-side Chris Hardings – trommer, perkusjon
Kjelder Denne artikkelen bygger på «When You Say» frå , den 16. juli 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Fleetwood Mac-songar Kategori:Songar skrivne av Danny Kirwan Kategori:Songar frå 1969