Christopher William Brasher, kjend som Chris Brasher, () var ein britisk friidrettsutøvar som vart olympisk meister på 3000 meter hinder i 1956.
Brasher var fødd i Georgetown i den britiske kolonien Britisk Guyana og voks opp i Jerusalem, ettersom far hans arbeidde i det britiske koloniveldet.
Under Sommar-OL 1956 i Melbourne overraska Brasher og vann 3000 meter hinder på tida 8.41,2. Straks etter løpet vart Brasher diskvalifisert fordi han skulle ha hadde hindra nordmannen Ernst Larsen, men «Kruska-Larsen» forklarte til juryen at han ikkje hadde vorte hindra, og diskvalifikasjonen vart heva.
Frå 1957 arbeidde Brasher som sportsreportar for avisa The Observer og seinare for fjernsynskanalen BBC. Han var i 1957 den fyrste som skreiv om idretten orientering i ein britisk publikasjon. I 1981 gjorde han opptaket til London Maraton.
Brasher døydde i heimen sin i Chaddelsworth i Berkshire i 2003.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chris Brasher» frå , den 2. august 2015.
World Athletics
Kategori:Britiske hinderløparar Kategori:Olympiske meistrar for Storbritannia Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1952 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1956 Kategori:Britiske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956