«Sad Angel» er ein song av Fleetwood Mac, skriven av gitaristen og vokalisten Lindsey Buckingham. Songen vart gjeven ut i 2013 på EPen Extended Play. Det var den einaste singelen frå EPen og nådde 125. plassen på singellista i Storbritannia.

«Sad Angel» var i lag med ein annan song av Buckingham, «Miss Fantasy», ment for utgjeving før verdsturneen deira i 2013 starta. Dette skjedde ikkje og han vart i staden gjeven ut på Extended Play.

Medverkande Mick Fleetwood – trommer, perkusjon John McVie – bassgitar Lindsey Buckingham – akustisk gitar, elektrisk gitar, klaverinstrument, solovokal Stevie Nicks – korvokal

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sad Angel» frå , den 14. august 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Fleetwood Mac-songar Kategori:Songar frå 2013 Kategori:Singlar frå 2013 Kategori:Songar skrivne av Lindsey Buckingham