Olesh (hebraisk skrift עֹלֶשׁ, עולש, tyder Sikori) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta og høyrer til Heferdalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 796.

Moshaven vart grunnlagd i 1951 av immigrantar frå Romania og heitte først Be'erotayim Bet. Han fekk seinare namnet Olesh på grunn av dei mange sikori-plantene som veks i området. Moshaven vart bygd på landområde sør for den palestinsk-arabiske landsbyen Qaqun, som vart avfolka under den arabisk-israelske krigen i 1948.

I 1953 tok han i mot immigrantar frå Nord-Afrika og i 1965 nye innbyggjarar frå Beit She'an. Seint i 1990-åra vart storleiken til landsbyen dobla etter ein utvidingsplan.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Olesh» frå , den 15. august 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1951 Kategori:Busetnader i Det sentrale distriktet i Israel Kategori:Rumensk diaspora i Israel Kategori:1951 i Israel