Li Yanfeng () er ein kinesisk diskoskastar frå Heilongjiang-provinsen. I 2011 vart ho verdsmeister i øvinga, som den aller fyrste frå Kina. Året etter fekk ho sølvmedaljen i diskoskasting under Sommar-OL 2012 i London, etter at den opphavlege sølvvinnaren var diskvalifisert. Li sin personlege rekord frå 2011 måler 67,52 meter.
Aktiv Li vart asiameister i 2002 med eit kast på 60,06 meter. Året etter sigra ho ved asialeikane 2003 i Manila med eit bestekast på 61,87 m. Ho sette personleg rekord med 64,34 m i 2004, men måtte vente i fem år før ho makta forbetre sitt personbeste. Etter 8. og 7. plass i dei olympiske sommarleikane 2004 og 2008, nådde ho i oktober 66,40 m i Jinan-leikane heime i Kina. I desember 2009 gjekk ho til topps i austasialeikane i Hong Kong med 64,66 m. 5. juni 2011 presterte ho livsbeste 67,98 m i tyske Schönebeck. Den 28. august slengde ho diskosen 66,52 m i VM-finalen i Daegu og vart verdsmeister. 12. mai 2012 vart Li målt til 67,84 m i tyske Wiesbaden. I den olympiske diskosfinalen i London 3. august 2012 kom Li på tredjeplass med sine 67,22 meter, ei plassering som året etter vart omgjort til sølvmedalje, ettersom andreplasserte Darja Pisjtsjalnikova vart dømd for dopingbruk.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1999 i Sevilla: Utslått i kvalifiseringa (59,47 m- nr 19) OL 2004 i Aten: Nr 8 – 61,05 m OL 2008 i Beijing: Nr 7 – 60,58 m VM 2011 i Daegu: Gullmedalje – 66,52 m, framom Nadine Müller (65,97 m) OL 2012 i London: Sølvmedalje – 67,22 m, bakom Sandra Perković (69,11 m)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Li Yanfeng» frå , den 17. august 2015.
World Athletics
Kategori:Kinesiske diskoskastarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Kina Kategori:Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Kinesiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Verdsmeistrar i friidrett for Kina