Bernard Mathew «Bernie» Leadon, III () er ein USA-amerikansk musikar og låtskrivar, mest kjend som medlem av Eagles frå starten av. Før Eagles spelte han i tre banebrytande countryrockband som inspirerte mange, Hearts & Flowers, Dillard & Clark og Flying Burrito Brothers. Han spelar fleire instrument (gitar, banjo, mandolin, steelgitar, dobro) og hadde ein bakgrunn innan bluegrass. Han introduserte element av dette i musikken for eit større publikum då han spelte i Eagles.

Leadon har hatt ein låg profil etter at han slutta i Eagles og har gjeve ut to soloalbum med eit mellomrom på 27 år. Leadon har òg vore mykje nytta som studiomusikar.

Biografi Leadon byrja å spele i bluegrassbandet the Scottsville Squirrel Barkers i California i 1962. Etter han flytta til Florida på midten av 1960-talet, vart Leadon med i det kortvarige country-folkbandet Hearts and Flowers, og var med på det andre og siste albumet deira, Of Horses, Kids and Forgotten Women i 1968, før han danna ei ny gruppe, Dillard & Clark. Leadon spelte på heile det første albumet deira, The Fantastic Expedition of Dillard & Clark i 1968, men berre nokre få utvalde spor på det neste albumet, Through the Morning, Through the Night i 1969. Leadon spelte så ein kort periode i bandet til Linda Ronstadt, som vart kalla the Corvettes, før han vart med eit av dei aller første countryrockbanda, the Flying Burrito Brothers, hausten 1969. Leadon var verande med the Burritos i nokre år, og spelte mellom anna på Burrito Deluxe i 1970 og The Flying Burrito Brothers i 1971 og konsertalbumet Last of the Red Hot Burritos i 1972.

Då han slutta i the Burritos, vart Leadon nok ein gong medlem av bandet til Linda Ronstadt, i lag med gitaristen og songaren Glenn Frey og trommeslagaren og songaren Don Henley. Kort tid etter valde trioen å starte sitt eige band, Eagles, i lag med den tidlegare Poco-bassisten Randy Meisner. Bandet perfeksjonerte og populariserte countryrockstilen til the Flying Burrito Brothers. Medan Leadon var i gruppa, gav dei ut fire album, debutplata Eagles i 1972, Desperado i 1973, On the Border i 1974 og One of These Nights i 1975. Leadon var medlåtskrivar på mange av songane deira. Dei lange turneane og dei lange innspelingsprosessane sleit på Leadon, som valde å forlate gruppa.Bernie Leadon på Allmusic Eagles heldt fram og erstatta Leadon med Joe Walsh, og gav så ut eit av dei mestseljande albuma i historia, Hotel California i 1976.

I 1977 danna Leadon the Bernie Leadon/Michael Georgiades Band, som gav ut eit album same året, Natural Progressions, før dei vart oppløyst. I 1980-åra spelte Leadon ein del saman med Chris Hillman, på Morning Sky i 1982 og Desert Rose i 1984, og danna eit kristent bluegrassband kalla Ever Call Ready, som gav ut eit enkelt album i 1985. To år seinare erstatta Leadon John McEuen i Nitty Gritty Dirt Band og var med på albuma Hold On (1987), Workin' Band (1988) og Will the Circle Be Unbroken, Vol. 2 (1989). I 1990-åra starta Leadon bandet Run C & W, som spesialiserte seg på countryversjonar av rapsongar. Dei gav ut to album, Into the Twangy-First Century i 1993 og Row vs. Wade i 1995). I 2003 gav han ut soloalbumet Mirror.

I tillegg til desse prosjekta har Leadon vore gjesteartist for mange andre artistar gjennom åra, mellom anna innspelingar av Gram Parsons, Alabama, Rita Coolidge, Andy Fairweather Low, Emmylou Harris, John Hiatt, David Crosby og Stevie Nicks.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bernie Leadon» frå , den 17. august 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff The Complete Hearts and Flowers Liner Notes The Scottsville Squirrel Barkers Rock of Ages' Bernie Leadon Interview

Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:USA-amerikanske multiinstrumentalistar Kategori:USA-amerikanske bluegrassartistar Kategori:USA-amerikanske countryrockartistar Kategori:USA-amerikanske banjospelarar Kategori:USA-amerikanske bluegrassgitaristar Kategori:USA-amerikanske bluegrassmandolinistar Kategori:USA-amerikanske countrybanjoistar Kategori:USA-amerikanske countrygitaristar Kategori:USA-amerikanske countrysongarar Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:USA-amerikanske mandolinistar Kategori:Sologitaristar Kategori:Pedalsteelgitaristar Kategori:Resonatorgitaristar Kategori:Eagles-medlemmar Kategori:The Flying Burrito Brothers-medlemmar Kategori:Nitty Gritty Dirt Band-medlemmar Kategori:Musikarar frå Minnesota