Hans Peter Brekke () var ein norsk journalist og litterat. Familie og utdannelse Hans Peter Brekke vart fødd på Brekke i Ørsta og foreldra hans var gardbrukar Hans Henriksen Brekke og Nille Karine Paulsdatter. Han vart konfirmert i Ørsta kyrkje 27. september 1874 og deretter fekk han undervisning i ca to år, ved «studentfabrikken» til tidlegare sokneprest Erik Olsenlokalhistoriewiki om sokneprest Erik Olsen i Kvinnherad, der både Anders Hovden og Bernt Støylen var elevar seinare. I 1877 reiste han til Kristiania og i 1878 tok han eksamen artium som elev ved Maribogadens skole (starta av Peter Qvam). Våren 1879 tok han «andeneksamen» og seinare studerte han ved universitetet, mest språklege og naturvitskaplege fag, og han følgde spesielt professor Jens Lieblein sine forelesingar i egyptologi.

Journalist og litterat i Kristiania I Kristiania arbeidde han først ei tid i redaksjonen for Norsk Haandlexikon, hausten 1881 vart han journalist i Dagbladet og seinare i Verdens Gang (1868–1923). Han var også medarbeidar i Nordens første billigbokserie: Bibliothek for de tusen Hjem (1887), der han omsette bøker både frå engelsk og fransk, av fleire kjende forfattarar som Charles Dickens, Émile Zola, Daniel Defoe o.a. Av dei meir kjende bøkene han omsette, kan nemnast «Robinson Crusoe's liv og haendelserGoogle Books Robinson Crusoe's liv og haendelser» som kom ut i 1898 og «To fortællinger af Guy de MaupassantGoogle Books To fortællinger af Guy de Maupassant» som kom ut i 1888.

I 1898 vart han medlem av «direktionen» i Norske Journalisters Pensions- og Hjælpeforening. I perioden 1900 til 1902 var han formann i Kristiania Journalistklub, og sumaren 1900 var han på studietur til Paris med stipendium frå journalistklubben.

I 1886 vart Hans Peter Brekke gift med Laura Johanne Nagel (f. 25.6.1860) frå Vestre Aker i Kristiania. Dei hadde ingen born. Han døydde i Oslo 10. juni 1911 og vart gravlagt frå Uranienborg kyrkje. I nekrologen som stod i Morgenposten 12. juni 1911, fekk han mellom anna denne omtalen: « ... som Referent hørte Brekke til de første, den norske Presse har havt» Morgenposten Nekrolog i Morgenposten, første side. »

Referansar

Bibliografi Stemmerets- og Valgkjendelser av Stortingene 1814-85 - Huseby & Co forlag, 1886 For Alle - Norsk kalender, utgitt av Kristiania journalistklubb - 1903

Bakgrunnsstoff Ørstingar: ættebok for Ørsta - Bjørn Jonson Dale, Ørsta kommune, 1995 Studenterne fra 1878 - Utgitt: 25-aars studentjubilæum - 1903.

Kategori:Folk frå Ørsta Kategori:Norske journalistar