mini|Natalja Dobrynska i 2012

Natalja Volodymyrivna Dobrynska () er ein ukrainsk tidlegare friidrettsutøvar frå Vinnytsia som tevla i mangekamp. Ho vart olympisk meister i sjukamp i 2008 og tok EM-sølv i same øvinga i 2010.

Aktiv Dobrynska høyrde til verdseliten i mangekamp frå 2004, utan å nå opp til medaljestriden anna enn i femkamp i innandørsmeisterskapane. Ho lukkast derimot overmåte godt då ho vann gullmedaljen under sommarleikane 2008 i Beijing, der ho sette personleg rekord med 6 733 poeng, over 100 poeng meir enn sølvvinnaren. To år seinare forbetra ho den personlege rekorden med 45 poeng under friidretts-EM i Barcelona, men måtte nøye seg med sølvmedalje ettersom det var ytterlegare 45 poeng opp til europameisteren, Jessica Ennis frå Storbritannia.

I 2012 oppådde Dobrynska 5013 poeng då vann ho femkamp i innandørs-VM i Istanbul. Dermed var ho den fyrste kvinna som passerte 5000-grensa.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2004 i Aten: Nr 8 i sjukamp - 6225 poeng VM i 2005 i Helsinki: Nr 9 - 6144 poeng EM 2006 i Göteborg: Nr 6 - 6356 poeng VM 2007 i Osaka: Nr 8 - 6327 poeng OL 2008 i Beijing: Gullmedalje - 6733 poeng, framom Hyelas Fountain (6619 p) VM 2009 i Berlin: Nr 4 - 6444 poeng, bakom Kamila Chudzik (6471 p) EM 2010 i Barcelona: Sølvmedalje - 6778 poeng, bakom Jessica Ennis (6823 p) VM 2011 i Daegu: Nr 5 - 6539 poeng OL 2012 i London: Braut

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nataliya Dobrynska» frå , den 5. september 2015.

World Athletics

Kategori:Ukrainske mangekjemparar Kategori:Olympiske meistrar for Ukraina Kategori:Ukrainske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Ukrainske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Ukrainske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2005 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2006 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011