Ein Yahav (hebraisk skrift עֵין יַהַב) er ein moshav i Israel. Han ligg i nord i Arava, 12 km sør for Hatzeva og høyrer til Sentral-Arava regionale kommune. Han er kalla opp etter Yahav-kjelda (hebraiske: Ein Yahav; arabisk: Ein Weibeh), sørvest for moshaven. I 2005 hadde han kring 500 innbyggjarar.

I 1950 vart det oppretta ein eksperimentell jordbruksstasjon ved Ein Yahav av medlemmar frå Shahal, ei rørsle som ønskte å busetje tørre område i Israel. Namnet kom frå det arabiske namnet på området, Ayn Wiba, og det romerske namnet Yahibu. Stasjonen vart fråflytta og den 7. oktober 1953, slo vetaranar frå Det israelske forsvaret seg ned der. I 1959 vart det grunnlagd ei Nahal-busetjing 5 km aust for den opphavlege. I 1962 vart han sivilisert og eldre moshav-innbyggjarar flytta inn. I 1967 vart han flytta til den noverande plasseringa. Ein-Yahav har ein flyplass i nærleiken (Flyplaskode: EIY).

Det ligg ein koparsmeltestad frå antikken nær Ein Yahav. Ei lita høgd med svartfarga sider, hovudsakleg dekt av knust koparslagg. Ein trur at smeltestaden var i drift tidleg i bronsealderen.

Ein Yahav ligg 100 m under havnivå, mellom elvane Yahav og Nikrot, sideelvar til Arava.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ein Yahav» frå , den 9. september 2015. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Moshavar Kategori:Nahal-busetjingar Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:Busetnader grunnlagde i 1962 Kategori:1962 i Israel