Nir Oz (hebraisk skrift נִיר עֹז, ניר עוז, tyder Styrkeenga) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg nordvest i Negevørkenen mellom Magen og Nirim i Eshkol regionale kommune. I 2006 hadde han 348 innbyggjarar. Han vart grunnlagd 1. oktober 1955 som ei Nahal-busetjing og vart godkjend som ein kibbutz to månader seinare.
Sidan han ligg nær Gaza har bøndene i Nir Oz ofte vore råka av palestinsk snikskyttarskot. I 2008 bad Det israelske forsvaret kibbutzen om å hauste potetene sine om natta for minske riskoen for åtak.The moon works against Nir Oz farmers Den 5. juni 2008 råka ei granat frå Gazastripa Nirlat målingsfabrikk i kibbutzen. Ein tilsett omkom og fire andre mista livet. Hamas tok ansvaret for åtaket.Nir Oz under attack
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nir Oz» frå , den 9. september 2015.
Bakgrunnsstoff Nir Oz Negev Information Sentral
Kategori:Kibbutzar Kategori:Nahal-busetjingar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1955 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1955 i Israel