Nir Hen (hebraisk skrift נִיר חֵ"ן, tyder 'Enga til dei 58') er ein moshav i Hevel Lakhish sør i det sentrale Israel. Nir Hen høyrer til Lakhish regionale kommune.

Nir Hen ligg kring 1 km vest for Shahar og 4 km vest for Kiryat Gat.

Moshaven vart grunnlagd i 1956. Namnet er til minne om dei 58 passasjerane som reiste på El Al rute 402 som vart skoten ned over Bulgaria kring eit år før busetnaden vart grunnlagd. Landsbyen vart opphavleg busett av av immigrantar frå Nord-Afrika, og seinare andre immigrantar og innfødde israelarar.

Kjelder

Kategori:Afrikansk diaspora i Israel Kategori:Moshavar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1956 Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel Kategori:1956 i Israel