Gevim (hebraisk skrift גֵּבִים, tyder Cisterner) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg nordvest i Negevørkenen nær Sderot og høyrer til Sha'ar HaNegev regionale kommune. I 2006 hadde han 360 innbyggjarar.
Historie Kibbutzen vart grunnlagd i 1947 under namnet Sde Akiva. Grunnleggjarane var frå Palmach og hadde tidlegare vore medlemmar av HaNoar HaOved VeHaLomed. Han tente som hovudkvarter for Det israelske forsvaret under den arabisk-israelske krigen i 1948, og fekk seinare namnet Gevim.
I 2000-åra vart kibbutzen fleire gonger råka av åtak med Qassam-rakettar, som gjorde skade på bygningar, medan to innbyggjarar fekk mindre skadar.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gevim» frå , den 12. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Kibbutzar Kategori:Busetnader grunnlagde i 1947 Kategori:1947 i Palestina Kategori:Busetnader i Det sørlege distriktet i Israel