Alei Zahav (hebraisk skrift עֲלֵי זָהָב, tyder Gylne lauv) er ein kollektiv landsby og ei israelsk busetjing langs vestkanten av den nordlege, okkuperte Vestbreidda, kring 20 km aust for Tel Aviv, med utsyn over Ben Gurion internasjonale lufthamn. Landsbyen er underlagt Shomron regionale kommune, og ligg like ved Peduel og Beit Aryeh. Det internasjonale samfunnet reknar israelske utpostar som israelske busetjingar og reknar òg dei som ulovlege i følgje folkeretten, medan dei israelske styresmaktene hevdar dei har retten på si side.
Han vart grunnlagd i 1983 av ikkje-ortodokse jødiske israelarar frå Beitar- og Herut-rørsla. Busetjingar har i dag kring 120 familiar buande. Byen er kalla opp etter Aliza Begin (kona til den tidlegare statministeren Menachem Begin). Det opphavlege namnet på staden var Yoezer.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Alei Zahav» frå , den 16. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Biletgalleri ved Shomron regionale kommune
Kategori:Busetnader grunnlagde i 1983