Aksel Lund Svindal () er ein norsk alpinist frå Kjeller som vart olympisk meister i utforrenn under Vinter-OL 2018.
Han slo i gjennom i 2003, då han mellom anna vann to NM-gull. Han deltok i VM i St. Moritz, og oppnådde ein 5. plass i storslalåm som det beste resultat sitt. Dette året fekk han òg den første pallplasseringa si i eit verdscuprenn, med 2. plass i kombinasjonen i Kitzbühel.
I VM i Bormio i Italia i 2005 deltok han i alle dei fem øvingane. Med sølv i kombinasjonen vart han den einaste nordmannen som tok medalje i meisterskapen.
27. november 2005 tok han den første verdscupsigeren sin i super-G i Lake Louise.
Han vann den totale verdscupen i sesongen 2006/2007 etter ein spennande duell mot Benjamin Raich, avgjort på siste dagen i sesongen. Etter sesongen vart han tildelt Sportsjournalistenes statuett som «Årets idrettsnamn» i NoregLund Svindal vant ny kåring, Dagsavisen 3. januar 2008 og Aftenpostens Gullmedalje for årets idrettsbragd.Dobbelt heder til Aksel Lund Svindal, Fædrelandsvennen 24. desember 2007.
Den 27. november 2007 fall han stygt under utfortrening i Beaver Creek i Colorado i USA. Svindal brekte nasen og fekk kutt i ansiktet og skade i setemuskulaturen. Han vart operert på sjukehuset i Vail straks etter fallet. Det var uvisst kor lenge Svindal måtte halde seg borte frå trening og konkurransarSvindal falt stygt under utfortrening Aftenposten 27. november 2007.
Han deltok i den fyrste konkurransen etter fallet i storslalåm under verdscupopninga i Sölden den 26. oktober 2008 og kom på 13. plass. 5. desember 2008 vann han det fyrste verdscuprennet sitt etter fallet, noko som stadfesta at han var på veg tilbake. Han vann utforrennet i Beaver Creak, på same stad som han fall. Dagen etter vann han også Super-G.
På Idrettsgallaen 2008 5. januar fekk han prisane «Årets mannlege Idrettsutøver 2007» og «Utøvernes pris». På same prisutdeling i 2009 blei han kåra til «Årets forbilde», mykje grunna motet og innsatsen hans for å kome seg att etter skaden i Beaver Creek.
Merittar VM I VM i alpint 2005 i Bormio i Italia i 2005 deltok han i alle dei fem øvingane. Som einaste nordmann tok han medalje i meisterskapen, med sølv i kombinasjonen. I VM i Åre 2007 vart han historisk ved å bli første norske verdsmeister i utfor.
2009 Val-d'Isère: Gull i superkombinasjon 2009 Val d'Isère: Bronse i super-G 2007 Åre: Gull i storslalåm 2007 Åre: Gull i utfor 2005 Bormio: Sølv i kombinasjonen
Verdscup Aksel Lund Svindal vann den totale verdscupen i alpint 2006/2007 og 2008/2009. I sesongen 2006/2007 vann han òg storslalåm- og kombinasjoncupane, medan han i 2008/2009 vann super-G-cupen.
I sesongen 2005/2006 vann han Super-G-cupen, med berre to poeng meir enn Hermann Maier. Same året vart han nr. 2 samanlagd i den totale verdscupen. Per 2009 har han 12 enkeltsigrar i verdscuprenn:
Dato Stad Land Disiplin 27. november 2005 Lake Louise Canada Super-G 15. mars 2006 Åre Sverige Utfor 30. november 2006 Beaver Creek USA Superkombinasjon 21. desember 2006 Hinterstoder Austerrike Storslalåm 14. mars 2007 Lenzerheide Sveits Utfor 15. mars 2007 Lenzerheide Sveits Super-G 17. mars 2007 Lenzerheide Sveits Storslalåm 28. oktober 2007 Sölden Austerrike Storslalåm 25. november 2007 Lake Louise Canada Super-G 5. desember 2008 Beaver Creek USA Utfor 6. desember 2008 Beaver Creek USA Super-G 11. mars 2009 Åre Sverige Utfor
NM Dei to første NM-gulla sine tok han i 2003. I 2006 vart han første nordmann med gull i alle disiplinane i eit NM.
2003: Gull i slalåm, gull i storslalåm 2004: Gull i slalåm, gull i super-G, sølv i storslalåm 2005: Gull i storslalåm, bronse i slalåm 2006: Gull i utfor, gull i super-G, gull i storslalåm, gull i slalåm, gull i kombinasjonen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Aksel Lund Svindal i olympedia.org
Kategori:Norske alpinistar Kategori:Folk frå Skedsmo Kategori:Vinnarar av Aftenpostens Gullmedalje Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2010 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2014 Kategori:Olympiske meistrar for Noreg