Nahalin, òg skrive Nahhalin, Nahhaleen eller Nahaleen, (arabisk نحالين) er ein palestinsk landsby i Betlehem guvernement, sørvest for Betlehem på Vestbreidda. Ordet nahaleen er arabisk for dei som samlar honning frå bier. Landsbyen var kjend for biehald og det finst framleis mange bikubar i Nahalin i dag. Landsbyen er òg lokalt kjend for mandlane sine og oliventre, vindruer, persille og grønsaker, hovudsakleg lauk og bønner.

Landsbyen ligg innafor ein enklave i busetjingsblokka Gush Etzion, omgjeve av dei israelske busetjingane Gvaot, Rosh Tzurim, Neve Daniel og Betar Illit.

Historie Ein har funne bysantinsk keramikk ved landsbyen.Dauphin, 1998, s. 919

Dagens Nahalin vart bygd i ruinane av ein mellomalderlandsby.Nahaline Old Core. The Centre for Cultural Heritage Preservation. I 1596 stod Nahalin oppført i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 40 muslimske hushaldningar og 16 kristne hushaldningar. Han betalte skattar av kveite, bygg, druesirup eller melasse, og geiter eller bikubar.Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 118.

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1860-åra, og han skildra han som «eit virvar av små hus», med tobakksplantasjar kring.Guérin, 1869, s. 119-120 I 1883 skildra Palestine Exploration Fund landsbyen i Survey of Western Palestine som «ein mellomstor landsby, på ein slags naturleg terrasse nedanfor ein rygg, med ein stor dal i nord. I nord ligg det ei kjelde i dalen. Det ligg òg ei kjelde i sør. I aust ligg ein Mukam, med to store eiketre, heilag for Haj 'Aleiyan.»Conder og Kitchener, 1883, s. 26

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Nahhalin eit folketal på 316, fire kristne og 312 muslimar. I folketeljinga i 1931 var folketalet i Nahhalin 440, (tre kristne og resten muslimar), i 98 busette hus.

I 1945 var folketalet i Nahhalin 620, alle arabarar, som eigde 16 144 dekar land i følgje ei offisiell landmåling.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 57 Av dette var 1 068 dekar var plantasjar og irrigert land, 4 659 for korn,Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 103 medan 63 dekar vart utbygd (urbant) land.Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 153

Etter 1948 Den 28. mars 1954 utførte israelarar eit raid mot ein base for den arabiske legionen 4 kilometer utafor Nahalin. Dei israelske styrkane bommba på basen og plasserte sprengladningar og øydela sju hus i landsbyen, mellom anna moskeenDavid Tal, Israel's road to the 1956 war, International Journal of Midtausten Studies, Vol. 28, No. 1. (Feb., 1996), s. 59-81. medan fem personar i nasjonalgarden, tre i legionen og ei kvinne vart drepen, medan 18 sivile, inkludert kvinner og barn, vart skadde.Cablegram Dated 30. mars 1954 Frå Minister for Foreign Affairs of the Hashemite Kindom the Jordan Addressed to the Secretary-General

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nahalin» frå , den 1. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Guérin, M. V.: (1869): Description géographique, historique et archéologique de la Palestina. Judee Item notes: v. 1, pt. 3 (Judee, «Tome troisieme») s. 320

Bakgrunnsstoff Velkomen til Nahhalin

Kategori:Byar på Vestbreidda Kategori:Betlehem guvernement