«Love Will Keep Us Alive» er ein song skriven av Jim Capaldi, Paul Carrack og Peter Vale. Han vart først framført av Eagles i 1994, under Hell Freezes Over-turneen deira med solovokal av bassist Timothy B. Schmit.

I følgje plateomslaget til ei samleplate frå 2003, vart songen skriven då Carrack og Schmit planla å danne eit band seint i 80- eller tidleg i 90-åra. Dette vart aldri noko av, så Schmit føreslo songen for Eagles då dei kom saman att.

Sjølv om songen aldri formelt vart gjeven ut som singel og ikkje gjekk inn på Billboard Hot 100-lista i USA, låg han tre veker på toppen av Billboard adult contemporary-lista tidleg i 1995Hyatt, Wesley (1999). The Billboard Book of No. 1 Adult Contemporary Hits (Billboard Publications) og låg op 22. plass på Billboard'''s Hot 100 Airplaylista. I Storbritannia nådde «Love Will Keep Us Alive» 52. plassen på UK Singles Chart.UK Singles Chart info at chartstats.com

Utanom albumet Hell Freezes Over, finst songen påSelected Works 1972-1999 og The Very Best Of.

Paul Carrack spelte inn songen i 1996 for albumet Blue Views.

I 2011 spelte Paul Carrack og Timothy B. Schmit inn songen i London med Royal Philharmonic Orchestra, og gav han ut i Storbritannia på selskapet til Carrack.

Andre versjonar «Love Will Keep Us Alive» vart òg spelt inn av Capaldi og Dave Mason og igjen av Carrack (duett med Lindsay Dracass) i 2007 på albumet Old, New, Borrowed and Blue''.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Love Will Keep Us Alive» frå , den 18. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 1994 Kategori:Eagles-songar Kategori:Songar skrivne av Jim Capaldi Kategori:Songar skrivne av Peter Vale Kategori:Paul Carrack-songar Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar frå 1994 Kategori:Geffen Records-singlar