Chicago VIII er det sjuande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Chicago, gjeve ut i 1975. Etter det meir eksperimentelle jazz/pop-albumet Chicago VII, gjekk bandet her mot ein meir straumlinja stil.
Bakgrunn Etter fem år på rad med konstant aktivitet, kjende medlemmane seg i Chicago slitne då dei kom for å spele inn Chicago VIII hos produsenten James William Guercio sin Caribou Ranch i Colorado sommaren 1974. Sjølv om ein finn spor av dei forskjellige stilane som vart utforska på Chicago VI, har dette albumet ei langt meir rockekjensle, som på Peter Cetera sin «Anyway You Want» (seinare spelt inn av den kanadiske songaren Charity Brown) og «Hideaway», i tillegg til Terry Kath si hyllest til Hendrix «Oh, Thank You Great Spirit» og James Pankow-hitten «Old Days» (5. plass). Balladen «Brand New Love Affair, Part I & II» nådde 61. plassen på lista.
Den første singelen frå albumet var Lamm sin nostalgiske «Harry Truman» (13. plassen). Chicago VIII vart halde attende til mars 1975, sidan Chicago VII framleis låg høgt på listene. Albumet gjekk rett inn på førsteplassen på albumlista i USA, men fekk lunken mottaking av musikkpressa og vert rekna som eit av dei svakare albuma deira. Det var òg det første albumet med studioperkusjonist Laudir de Oliveira som fulltidsmedlem av bandet, den første endringa i besetninga til bandet.
Albumet fekk middels kritikk og vart gjeve ut både i stereo og kvadrofonisk lyd. I 2002 vart Chicago VIII mastra på ny og gjeve ut av Rhino Records med tre bonusspor: «Sixth Sense» (ein instrumental) av Kath og «Bright Eyes» av Lamm, i tillegg til ein versjon av «Satin Doll» spelt inn for Dick Clark's «Rockin' New Year's Eve».
Innhald
Medverkande
Peter Cetera – bass, solo- & korvokal Terry Kath – elektrisk & akustisk gitarar, solo- & korvokal Robert Lamm – klaverinstrument, solo- & korvokal Lee Loughnane – trompet, korvokal James Pankow – trombone, blåsararrangement Walter Parazaider – saksofonar, fløyte, klarinett Danny Seraphine – trommer Laudir de Oliveira – perkusjon
Andre medverkande Caribou Kitchenettes – kor på «Harry Truman» (John Carsello, Donna Conroy, Laudir de Oliveira, Bob Eberhardt, Steve Fagin, Kristy Ferguson, Linda Greene, Lee Loughnane, Brandy Maitland, Katherine Ogden, James Pankow, Walter Parazaider, Joanne Rocconi, Richard Torres og Angele Warner) Strykearrangement på «Oh, Thank You Great Spirit», «Long Time No See» and «Old Days» – Patrick Williams
Produksjon Produsert av James William Guercio Lydteknikar: Wayne Tarnowski, Jeff Guercio and Mark Guercio Strykarar spelt inn av Armin Steiner i Sound Labs (Hollywood, CA) Miksa av Phil Ramone Plateomslag – John Berg and Nick Fasciano
Lister Album - Billboard (USA) ÅrListePlassering1975The Billboard 2001
Singlar - Billboard (USA) ÅrSingleListePlassering1975Brand New Love Affair, Part I & IIThe Billboard Hot 100611975Harry TrumanThe Billboard Hot 100131975Old DaysThe Billboard Hot 10051975Old DaysEasy Listening3
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Chicago VIII» frå , den 21. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Chicago-album Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Album produserte av James William Guercio Kategori:Columbia Records-album Kategori:Nummer-ein-album i USA