mini|Finnfjord smelteverk Finnfjord smelteverk under firmanamnet Finnfjord AS er ei norsk verksemd som produserer ferrosilisium (FeSi) og silika. Smelteverket ligg i Finnfjordbotn i Senja kommune, fem kilometer frå byen Finnsnes. Bygginga av dåverande Fesil Nord starta i 1960 og den første smelteovnen starta i mars 1962.Aftenposten, 8. januar 1962. Inntil 1974 vart det brukt kvarts frå eit område ved Espejord på Dyrøya.Kvartsressurser i Troms fylke.

Finnfjord Smelteverk vart grunnlagt i 1983 etter at drifta hadde vore innstilt etter at Fesil Nord gjekk konkurs i 1982.Aftenposten, 19. mai 1983 Føretaket produserer ca. 100 000 tonn ferrosilisium i året og er ein av Europas største produsentar av ferrosilisium.Aftenposten, 27. april 2013 Ferrosilisium er ein føresetnad for produksjonen av stål og ulike stålprodukt. Finnfjord Smelteverk leverer òg silika, som er eit verdefullt stoff i moderne betongteknologi. Firmaet er òg i ferd med å starta levering av vassvarme, totalt potensial for lågtrykksdamp er 315 GWh/år og lågtemperatur overskotsvarme 200 GWh/år.

Kvarts frå Tana er råstoff til produksjonen.Aftenposten, 27. april 2013

Føretaket fokuserer på forsking og utvikling og har forskingsprosjekt i samarbeid med næringsorganisasjonar som Ferrolegeringsindustriens Forskingssamskipnad (FFF) og med NTNU og SINTEF.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Finnfjord smelteverk» frå , den 23. november 2015.

Bakgrunnsstoff Nettstad for føretaket «Miljøverstingen skal nå bli best i klassen på energigjenvinning», frå NRK

Kategori:Byggverk i Senja Kategori:Norske industriselskap Kategori:Næringsliv i Troms Kategori:Jernverk Kategori:Føretak skipa i 1983