Arent Mikal Henriksen () var ein norsk politikar for SV.
Henriksen var fødd i Sørfold i Nordland. Han starta den politiske karrieren sin i AUF og var medlem av landsstyret i AUF 1968-1969 og 1972-1973. Han involverte seg i Folkerørsla mot norsk medlemskap i Fellesmarknaden, og vart sekretær der. Han vart òg ein lokal leiar i Trondheim for Informasjonskomiteen til Arbeidarrørsla mot norsk medlemskap i EEC (AIK). Han slutta seg til dei delene av AIK som gjekk frå Arbeidarpartiet til det nydannete partiet Demokratiske Sosialistar – AIK som inngjekk i Sosialistisk Valforbund ved valet i 1973 same år og frå 1975 sammensluttet i Sosialistisk Venstreparti (SV). Henriksen var vekselvis leiar og nestleiar i Trondheim SV 1977–1979 og representerte partiet i bystyret 1979–1983.
Han vart innvald på Stortinget som representant for SV frå Sør-Trøndelag i perioden 1973 til 1977, og var då den yngste representanten. Han vart så vald til Trondheim bystyre i perioden 1977 til 1983, og vart vald til Stortinget i perioden 1981 til 1989. Han var SVs finanspolitiske talsmann i denne tida.
Etter dette gjekk Henriksen inn i lokalpolitikken i Bjugn, der han vart innvald i kommunestyret i 1991. Han var ordførar i perioden 1995–1999.
I samband med folkerøystinga om norsk medlemskap i EU i 1994 gjorde han det klårt at han var for norsk medlemskap. I 2000 melde han seg inn i Arbeidarpartiet.
Stortingskomitear 1973–1977: Medlem i Forsvarskomitéen 1973–1977: Medlem i Fullmaktskomitéen 1973–1977: Medlem i Kyrkje- og undervisningskomitéen 1981–1985: Medlem i Finanskomitéen 1985–1989: Medlem i Finanskomitéen 1985–1989: Varamedlem i Valkomitéen
Kjelder Arent M Henriksen i Norsk Biografisk Leksikon
Kategori:Stortingsrepresentantar for Sør-Trøndelag Kategori:Stortingsrepresentantar frå SV Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar 1985-1989 Kategori:Ordførarar i Bjugn Kategori:Lokalpolitikarar i Trondheim Kategori:Folk frå Sørfold