Rolf Hellem () var ein norsk politikar og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet. Han vart innvald på Stortinget frå Nordland i 1965. Han var vararepresentant i periodane 1958–1961 og 1961–1965.

Hellem var fødd i Sør-Frøya i Sør-Trøndelag. Han var son av ingeniøren Torvald Andreas Hellem (1900–1966) og sydama Aslaug Martinussen (1902–1966).

Politisk karriere 15. november 1979–10. desember 1979: Mellombels visepresident i Odelstinget.

Stortingskomitear 1958–1961 medlem i Protokollkomitéen 1958–1961 medlem i Kyrkje- og undervisningskomitéen 1965–1969 medlem i Militærkomitéen 1965–1969 medlem i Forsvarskomitéen 1969–1973 medlem i Industrikomitéen 1969–1973 varamedlem i Valkomitéen 1973–1977 sekretær i Industrikomitéen 1977–1981 sekretær i Industrikomitéen

Kommunalpolitisk aktivitet Medlem Ankenes formannskap  1951-1955

Tillitsverv i parti Medlem AUFs landsstyre 1946-1953 Lagsformann, distriktslagsformann AUF 1946-1953 Medlem Styret for Ankenes Arbeidarparti og i kretspartiet 1957-1958 Medlem Styret for Nordland Arbeidarparti 1960-1965 Formann Ofoten Arbeidarparti 1960-1965 Medlem Landsstyret til det norske Arbeidarparti 1963-1969 Leiar Narvik Arbeiderpartis Veteranforum  2003-2007 (arbeidd for eit breiast mogleg raud-grønt samarbeid i Narvik føre valet 2007)

Utdanning og yrkesrøynsle

Utdanning Middelskoleeksamen 1941 Eksamen ved Jarnbaneskulen 1944 Kurs i Sverige og Tyskland og ved Den nordiske folkehøgskolen i Genève 1953-1955 (med stipend frå LO) Studerte med Conrad Mohrs stipendium distriktsutbygging i England 1964

Yrkeskarriere Jarnbanetelegrafist i Narvik 1944-1950 Jarnbaneekspeditør i Narvik 1950-1965 Jarnbanefullmektig i Narvik 1965 (permisjon frå 1965) Oppretta og leidde UNIFABs kontaktkontor i Oslo (ein sammenslutning av verkstadsindustrien i Nord-Noreg) 1982-1983 Sekretariatsleder for Landsdelutvalet for Nord-Noreg og Namdalen, Bodø 1983-1988 (sekretariatet fungerte òg for Nordnorsk Oljeråd, og var vidare pålagt visse funksjonar i Nordkalottsamarbeidet) Direktør/dagleg leiar for TEKNOR AS, Narvik 1990-1992

Utgjevingar Spesialstudier på olje/gass nord for 60 grader N. Nordatlantisk forsamling Oljen i Norsk Politikk, Oslo 1974 Norsk olje i europeisk perspektiv. En rapport til Europabevegelsen i Norge 1982 Gården Rombaksbotn og Rombaken, art. i årbok for Ofoten museum, Ofoten museum Narvik 1996 William Spear (1848–1933), art. i årbok for Ofoten museum, Ofoten museum Narvik 1997 Hanoman-skandalen i Rombaksbotn 1957, art. i årbok for Ofoten museum, Ofoten museum Narvik 1998 Straumsnes – fra småbruk og fiske til jernbanebygd, del 1, art. i årbok for Ofoten museum, Ofoten museum Narvik 2000 En grensevandring i 1743, art. i årbok for Ofoten museum, Ofoten museum Narvik 2001 Starten av Ofotbaneanlegget – et sammentreff av tilfeldigheter, art. i årbok for Ofoten museum, Ofoten museum Narvik 2002 Røde Narvik, art. i årbok for Ofoten museum, Ofoten museum Narvik 2004 Kriegstagebuch – tysk dagbok fra krigshandlingene i Narvik aprildagene 1940, art. i årbok for Ofoten museum, Ofoten museum Narvik 2006 Straumsnes – fra småbruk og fiske til jernbanebygd, del 2, art. i årbok for Ofoten museum, Ofoten museum Narvik 2006 Straumsnes – fra småbruk og fiske til jernbanebygd, del 3, art. i årbok for Ofoten museum, Ofoten museum Narvik 2007

Prisar og utmerkingar President Kekkonens medalje for skisporten sin framme 1978

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rolf Hellem» frå , den 18. desember 2015.

Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap