Luo (Dholuo, uttalt Tucker 1994, s. 25.) er eit nilosaharisk språk som talast av 4 410 000 av luofolket i Kenya og Tanzania som bur ved østkysten av Victoriasjøen og område sør for dette.Ethnologue-tal Språket vert brukt i sendingar på KBC (Kenya Broadcasting Corporation, tidlegare Voice of Kenya) og Radio Ramogi. Luo er i nær slekt med lango, acholi og adhola som alle blir tala i Uganda, og i fjernare slekt med luwo som blir tala i Sør-Sudan.

Fonologi Luo er eit tonespråk. Det har både leksikalsk tone og grammatisk tone, t.d. i danninga av passive verb.Okoth Okombo 1997, §1.3.4 Det har vokalharmoni etter ATR-status: vokalar i ikkje-samansette ord må vera anten [+ATR] eller [−ATR]. ATR-harmonien gjeld òg halvvokalane /, y/.Tucker 1994, §1.3 og §1.42 Vokallengda er kontrastiv.

Vokalar Luo har to sett av vokalar som skil seg frå kvarandre med trekket [+/−ATR] ("advanced tongue root", dvs. at [+/-ATR] viser til to ulike uttalemåtar av same vokal). Fremre Midtre Bakre Nesten-trong ɪ ʊ Sentral ɛ ɔ Open ɐ Fremre Midtre Bakre Trong i u Sentral e o Open a

Konsonantar I tabellen nedanfor står ortografiske symbol i parentes om dei er ulike frå IPA-symbola. Merk spesielt at <y> brukast for IPA [ɪ], noko som er vanleg i afrikanske ortografiar. <th> og <dh> er plosivar og ikkje frikativar som i swahili.Tucker 1994, §1.43 Labialar Dentalar Alveolarar Palatalar Velarar Glottaler Nasalar m n ɲ (ny) ŋ (ng') Plosivar prenasalisert mb (mb) nd (nd) ɲɟ (nj) ŋg (ng) ustemt p (th) t c (ch) k røysta b (dh) d ɟ (j) g Frikativar f s h Trillar ɲ Approksimanter w l ɪ (y)

Grammatikk Luo er kjend for kompliserte fonologiske vekslinger, som blant anna brukast for å skilje uomsettelege eigetilhøve frå omsettelege. Dette første dømet er ein omsettelig eigedom, sidan beina ikkje er del av hunden: chogo guok bein hund «beinet til hunden» (som han et) Følgjande er likevel ein uomsettelig besittelse, sidan beinet i dette dømet er ein del av kua: chok dhiang''' bein (status constructus) ku «eit kubein» (beinet til kua)Tucker 1994, s. 198.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Luo (språk)» frå , den 1. januar 2016.

Referansar

Bibliografi D. Okoth Okombo (1997). A Functional Grammar of Dholuo. Köln: Rüdiger Köppe Verlag. A.N. Tucker (1994). A Grammar of Kenya Luo (Dholuo). Köln: Rüdiger Köppe Verlag.

Bakgrunnsstoff Luo - UCLA Language Materials Project'', University of California Los Angeles (UCLA). Kategori:Nilosahariske språk Kategori:Språk i Kenya Kategori:Språk i Tanzania