thumb|Håkon jarl den mektige. Teikning av av Christian Krohg til Heimskringla i 1899

VelleklaEinar Skålaglams Vellekla av Axel Olof Freuenthalöf (Helsingfors 1865)Edda- og skaldekvad forarbeider til kommentar av Magnus Olsen (1962) er eit islandsk skaldekvad – ei dråpa – dikta av skalden Einar SkålaglamEinar Helgason Skålaglam (norrønt: Einarr Helgason skálaglamm), var ein islandsk skald som levde på slutten av 900-tallet. Han var ein av hirdskaldane hjå Håkon Sigurdsson Jarl. , truleg gjort ferdig litt etter år 986. Det er eit hyllingsdikt til ladejarlen Håkon Sigurdsson den mektige. Namnet Vellekla blir oftast tolka til å bety gull-mangel.

Versemålet i Vellekla er dróttkvætt.drottkvætt STORE NORSKE LEKSIKON Slik vi kjenner diktet i dag, er det ei samanstiling av vers som finst i Heimskringla, Fagerskinna, Den yngre Edda og Jomsvikingsoga. Truleg har diktet hatt deler som er komne bort.

Dei første versa fortel om kampane Håkon jarl hadde mot Eirikssønene, om korleis han tok hemn for drapet på faren og om korleis han fekk herredømmet over landet. Jarlen blir prisa fordi gudane har vendt attende til landet og det fred og gode år i riket:

No ligg under jarlen alt nordanfor Vika, herredømet åt Håkon, hærkjempa, vidt seg breier Nú liggr allt und jarli (ímunborðs) fyr norðan (veðrgœðis stendr víða) Vík (Hôkunar ríki).

Ingen høgboren krigar på jorda er fødd som gjorde slik fred, utanom Frode Engi varð á jǫrðu ættum góðr nema Fróði gæti-Njǫrðr, sás gerði, geirbríkar, frið slíkan.

Vidare i Danevirke-bolken blir det fortalt om striden i Danmark, der Håkon fekk siger og jaga den tyske keisaren Otto II på flukt. Dei siste versa har motiv som tyder på at dei kan ha vore lagt til etter at Håkon jarl fekk siger i slaget i Hjørungavåg (Jomsvikingslaget).

Notar

Referansar

Bakgrunnsstoff Einar Skålaglam i NORSK BIOGRAFISK LEKSIKON Vellekla av Einar Skålaglam (Skaldic Project) Vellekla på dansk, frå heimskringla.no Einarr skálaglamm Alle diktene til Einar med korte notiser om skalden på islandsk

Kategori:Skaldekvad