Gulhovudsilkefugl (Ptilogonys caudatus) er ein fugl i silkefuglfamilien som lever i fjella i Costa Rica og vestlege Panama, vanlegvis frå 1850 moh. opp til tregrensa.

mini|venstre|Bilete frå Costa Rica Skildring Dette er ein trastestor sporvefugl som veg ca. 37 gram. Gulhovudsilkefuglen har slektskap til sidensvansar, og har mjuk, silkeaktig fjørdrakt slik som den gruppa.

Hannar av gulhovudsilkefuglar er 24 cm lange og har ei bleik grå panne. Resten av hovudet med fjørtopp, nakke, hals og nedre buk er gule. Oversida, nedre bryst og øvre buk er blågrå, og vengfjørene og den lange, spisse halen er svart. Dei ytre halefjørene er flekka med kvitt. Hoa er 21 cm lang og generelt mattare enn hannen, med ei mørkare grå panne, olivenfarga kropp og ein kortare, mindre iaugefallande svart hale. Ungfuglar er lik dei vaksne, men dei sentrale halefjørene er kortare og dei kvite flekkene på dei ytre halefjørene er meir utydelege. Denne arten beitar i små flokkar når han ikkje hekkar, fangar insekt eller tar små frukter, spesielt misteltein. Gulhovudsilkefuglar kviler ofte synlege på høge utsette kvistar. Songen frå gulhovudsilkefuglar er eit gjentatt tji-tjip.

Tilhaldsstadar for denne fuglen er fjellskog, der hekkande par bygger eit fint koppforma reir, 2-18 meter over bakken i eit tre. Nokon gonger hekkar dei i lause koloniar på 2 til 5 par. Hoa legg to brune og lilla-flekte grå egg, som blir ruga av hoa i 16-17 dagar.Chu, 2016 Ungane blir flygedyktige etter 24 til 25 dagar etter klekking, og blir mata av begge foreldra.

Denne arten er vert til den bitande lusa Brueelia ptilogonis.

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som livskraftig.BirdLife International (2016)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Long-tailed Silky-flycatcher» frå , den 7. februar 2016.

Chu, M. (2016). Long-tailed Silky-flycatcher (Ptilogonys caudatus) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 7. februar 2016 BirdLife International (2016) Species factsheet: Ptilogonys caudatus . Henta frå http://www.birdlife.org den 7. februar 2016 Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Silkefuglfamilien Kategori:Fuglar endemiske for Mellom-Amerika