Idun Anderssen Husabø () er ein norsk forskar og forfattar. Ho har vore busett i Sogndal og i Leikanger. Husabø har cand. mag. i samfunnsvitskap frå Universitetet i Bergen, graden MSc Asian Politics frå School of Oriental and African Studies ved University of London. Frå 2003-2005 var ho journalist i NRK Sogn og Fjordane, i 2004/2005 var ho i Kina i regi av Fredskorpset og Røde Kors Nordisk United World College. I 2006 vart Husabø tilsett som trainee i Vestlandsforsking i Sogndal, der ho seinare vart forskar. I 2011 vart ho tilsett som rådgjevar i Distriktssenteret i Sogndal.

Husabø har mellom anna skrive tekstane i bøkene Kjartan Slettemark – kunsten å falle (Skald 2009) med foto av Brita Olsson og i Balestrand (Skald 2011) med foto av Knut Bry og levert to bidrag til dokumentarboka Det fleirspråklege Noreg (2013). I boka Rabalder - kontroversielle ytringer gjennom 100 år, som kom ut på Aschehoug i 2022, har ho bidrege med ein tekst om Kjartan Slettemarks Vietnam-verk.

Husabø er dotter til Anders Anderssen.

Bibliografi

Kjelder

Idun Anderssen Husabø i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane

Kategori:Forfattarar frå Leikanger Kategori:Forfattarar frå Sogndal Kategori:Norske sakprosaforfattarar