Ole Martinus Olsson Lindset () var ein norsk gardbrukar og spelmann i Eide på Nordmøre.
Ole var frå garden Slatlem i Kornstad og arbeidde på farsgarden i 1865.http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038300003845 Han gifta seg til Lindset i Eide og tok over drifta av eit bruk der. Ole Olsson Lindset var «ein av dei fremste hardingfelespelarane, med ekte tradisjonelt slåttespel», skriv Arne Bjørndal i Norsk Allkunnebok VIII. bandet.
Lindset omkom på havet ved Orskjera,Ministerialbok 1898-1910 for Eide sokn i grenseområdet mellom dagens kommunar Eide og Averøy.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958
Notar
Kategori:Norske felespelarar Kategori:Folk frå Averøy Kategori:Folk frå Eide