Tørris Heggelund () var ein norsk byråkrat, embetsmann og politikar, fødd i Etne. Perioden 1919-30 sat han på Stortinget for partiet Høgre.
Liv og gjerning Far til Heggelund var sjølveigarbonde på garden Vettestø i Etne. Sjølv gjekk han amtsskulen i Førde i Sunnfjord, og var så elev 1890-92 ved underoffisersskulen i Kristiansand. Seinare tok han i 1904 eksamen ved Kristiansands katedralskole, før han avslutta med å verte cand. jur. i 1906.
Midt på 1890-talet gifta han seg og slo seg ned i Kristiansand, der kona var frå. Heggelund arbeidde i byen som politikonstabel, og i to år som politisekretær. Ein periode var han konstituert krigsadvokat, før han var lærar i sjørett og rettslære ved Kristiansands offentlege sjømannsskule i 12 år. Deretter underviste han i handelsrett og veksellære ved Kristiansands kommunale handelsskule.
Heggelund var i godt over ti år fram til 1913 magistratssekretær i Kristiansand, og elles konstituert borgarmeister ved fleire høve i perioden 1905-17. Etter han hadde teke jus-eksamen var han overrettssakførar i Kristiansand og høgsterettsadvokat frå 1911. I 1918 var han atter konstituert borgarmeister i sørlandsbyen, før han var vald borgarmeister 1922-23. Han var så byskrivar i Kristiansand 1923-29 og i Oslo vestre distrikt frå 1929.
Perioden 1916-18 var Heggelund medlem av bystyret i Kristiansand. Frå 1919 til 1930 var han så stortingsrepresentant for Høgre. Han var i den fyrste treårsperioden vald frå einmannskrinsen Fæstningen i Kristiansand, sidan frå kjøpstaden i Vest-Agder og Rogaland. På Stortinget var han heile tida medlem i jarnbanekomiteen, der han gjorde eit viktig arbeid som formann i komiteen i tida frå 1922 til og med 1927.
Kjelder Norsk Allkunnebok. V. bandet. 1954 Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1928-1930 Kategori:Folk frå Etne Kategori:Folk frå Kristiansand