Søren Andreas Nordeide () var ein norsk pedagog frå Askvoll, forfattar av ei rad bøker om pedagogikk, filosofi og psykologi på nynorsk. Han var rektor ved Norges Lærarhøgskole i tida 1922-36.
Liv og gjerning Nordeide var son til ein gardbrukar på Nordeidet i Askvoll. Han vart utdanna lærar i 1894 og skulte dei neste åtte åra i ymse folkeskular. Frå 1902 underviste han fyrst nokre få år på Volda lærarskule, og seinare på lærarskulen i Levanger. Då Norges Lærarhøgskule vart skipa i Trondheim i 1922, vart han tilsett som professor og rektor ved skulen. Denne posisjonen hadde han til 1936, då han slutta for skuld vanhelse.
I 1914 gav Nordeide ut Lærebok i sjælelæra, saman med Erling Kristvik. Dei neste tjue åra skreiv han mange verk og artiklar om pedagogikk og psykologi. Mange av bøkene hans kom i fleire opplag og hadde «mykje å seia for nynorsk målbruk i psykologi og filosofi».Norsk Allkunnebok VIII:1005/6
Nordeide var nestformann i Noregs Mållag frå 1917, og elles aktiv Venstre-mann og i fråhaldsrørsla. Han var medlem i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.
Bibliografi Bøker
I tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kjelder
Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958
Kategori:Norske pedagogar Kategori:Målfolk Kategori:Folk frå Askvoll Kategori:Forfattarar frå Askvoll Kategori:Norske sakprosaforfattarar