Paul Løyning () var ein norsk zoolog og skulemann frå Sauda.

Far til Løyning var lærar i folkeskulen og kyrkjesongar i heimbygda Sauda. Etter han døydde tok mor til Løyning med seg barneflokken og busette seg i Stavanger. Paul Løyning var lærar i Stavanger skuleåret 1914/15, sidan underviste han i Oslo. Han tok matematisk-naturvitskapleg embetseksamen i 1922 og var konservator ved Zoologisk museum i Oslo frå 1926 til -33. Både i 1930,- 31 og -32 deltok han som marin zoolog i dei norske ekspedisjonane til Aust-Grønland. Frå 1933 var han lektor i Oslo.

Løyning skreiv ein del zoologiske avhandlingar og omsette fleire zoologi- og biologi-bøker til norsk. Mellom anna omsette han fleire læreverk i biologi til norsk.

Kjelder

Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957

Kategori:Norske zoologar Kategori:Folk frå Sauda