Iver Jonasson Svendsbøe () var ein norsk gardbrukar og lensmann frå dåverande Sveio i Hordaland, i dag Vindafjord i Rogaland. Han var stortingsmann frå 1891 til -97 og 1900-15, og representerte etter tur Moderate Venstre, Samlingspartiet og Frisinna Venstre.

Liv og gjerning Svendsbøe var son til ein gardbrukar. Han tok eksamen ved underoffisersskulen i Bergen i 1870 og var underoffiser i tida 1871-91, dei siste ni åra med rang fanejunker. Frå 1874 var han gardbrukar på Kvamstø i Sveio. Åra 1880-90 var han kontorist hos byingeniøren i Bergen. I tida frå 1891 til 1911 var han lensmann i Fjellberg. Han var styrar av Noregs Bank si avdeling i Haugesund frå 1910.

Svendsbøe var varamann til Stortinget 1889-91 og møtte sju dagar i juli 1891, i staden for Andreas Lavik. I dei to valperiodane frå 1892 til -97 hadde han fast plass på Stortinget, vald på programmet til Moderate Venstre. Han var medlem i Militærkomiteen, nestformann i komiteen i den andre treårsperioden. Frå hausten 1900 til 1915var han stortingsmann utan avbrot, dei siste tre gongane vald frå einmannskrinsane høvesvis Indre Sunnhordland og Ytre Sunnhordland. I denne siste tidarbolken hadde han mange ulike posisjonar på Stortinget. Mellom anna var han medlem i Vegkomiteen 1900-03, sekretær i Stortinget 1900-03 og 1910-12, sekretær i Valkomiteen 1903-12, sekretær i Militærkomiteen 1908-09 og nestformann 1910-12, samt medlem 1913-15. Han representerte Moderate Venstre fram til 1906, Samlingspartiet 1907-09 og sidan Frisinna Venstre.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar 1895-1897 Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Stortingsrepresentantar 1907-1909 Kategori:Stortingsrepresentantar 1910-1912 Kategori:Stortingsrepresentantar 1913-1915 Kategori:Folk frå Sveio Kategori:Folk frå Vindafjord