Tina Turns the Country On! er debutalbumet til Tina Turner som soloartist, gjeve ut i 1974 på United Artists i USA. Albumet vart spelt inn medan Turner framleis var medlem av the Ike & Tina Turner Revue.

Turner speler songar som tidlegare var spelt inn av mellom andre Kris Kristofferson, Bob Dylan, Olivia Newton-John, James Taylor og Dolly Parton. Ho vart nominert til ein Grammy for «Best R&B Vocal Performance, Female» i 1974, men selde dårleg og gjekk ikkje inn på salslistene. Det neste soloalbumet hennar, Acid Queen som kom ut året etter, inneheld meir rock-prega musikk.

Tina Turns the Country On! har aldri blitt gjeve ut på CD. Albumet må ikkje forvekslast med billige CD-samlingar som Tina Turner Sings Country, Soul Deep, Country My Way, Good Hearted Woman, Country In My Soul, Stand By Your Man, Country Classics, You Ain't Woman Enough To Take My Man, The Country Side of Tina Turner, som inneheld songar frå arkiva til Bolic Sound Studios.

Innhald

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tina Turns the Country On!» frå , den 30. mars 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Tina Turner-album Kategori:Debutalbum frå 1974 Kategori:United Artists Records-album