Kristoffer Eckhoff Knutsson Høgset () var ein gardbrukar og politikar, fødd på Veiholmen i Smøla. Han var formann i Bondepartiet frå 1921 til han døydde i 1927.

Liv og gjerning Høgset gjekk amtsskulen på Nordmøre og arbeidde dei neste åra i ei handelsforretning. Frå 1891 var han gardbrukar etter å ha overteke slektsgarden i Gjemnes. Han var ordførar i Gjemnes frå 1898 til 1910, og deretter på ny frå 1913 til 1922. Frå 1911 var han styremedlem og deretter frå 1916 varaformann i Norsk Landmandsforbund.

Høgset representerte valkrinsen Indre Nordmør på Stortinget frå 1919 til 1921, vald for partiet Venstre. Han vart attvald i 1921 og 1924, men då frå Møre fylke og for det nyskipa Bondepartiet, eit parti han sjølv var formann for. På Stortinget var han medlem av Sosialkomiteen i perioden 1919-21 og av Konstitusjonskomiteen i perioden 1922-24, der han var med å behandle Grønlandssaka. I si tredje tingperiode, 1925-27, var han medlem av Landbrukskomiteen til han døydde. Lagtingspresident 1922-27.

Frå 1921 til 1927 var Høgset formann i Bondepartiet. Han sat som medlem av Riksretten i perioden frå 1926 til han døydde vinteren 1927.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kristoffer Høgset» frå , den 2. april 2016.

lokalhistoriewiki

Kategori:Leiarar for Senterpartiet Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar 1922-1924 Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Ordførarar i Gjemnes Kategori:Folk frå Gjemnes