«Better Be Good to Me» er ein rockelåt skriven av Mike Chapman, Nicky Chinn og Holly Knight, og spelt inn av Tina Turner for det femte studioalbumet hennar, Private Dancer (1984). Songen vart opphavleg spelt inn og gjeven ut i 1981 av Spider, eit band frå New York City med medlåtskrivaren Holly Knight som medlem. Tina Turner-versjonen vart ein suksess i USA på Hot 100- og US R&B/Hip-Hop-lista. Han nådde femteplassen på Billboard Hot 100 og sjetteplassen på US R&B/Hip-hop-lista. Under Grammyprisutdelinga i 1985 vann songen for beste kvinnelege rockesong, ein av fire prisar Turner vann denne kvelden.
Songen vart nytta i tiande episode av Miami Vice og kom med på det første volumet av Miami Vice-albumet.
Musikkvideo I musikkvideoen framfører Tina Turner songen på scenen. Ho har på seg ein svart skinnjakke, svarte, korte skinnbukser, høghæla sko med leopardmønster og piggete, blondt hår. Mot slutten dukkar det opp ein mann på scenen (Cy Curnin frå The Fixx), som tar Tina i armen, og Tina ser han inn i augo og syng «Why can't you be good to me?» og skubbar han bort. På slutten forsvinn Turner frå scenen i ei røyksky. Både Curnin og gitaristen i videoen, Jamie West-Oram (òg frå The Fixx), spelar på albumet Private Dancer.
Versjonar og miksar 7" edit – 3:43 Video edit - 4:05 Albumversjonen – 5:09 Extended 12" Remix – 7:47 Extended 12" Remix (Private Dancer EMI Cententary Remaster Edit) – 7:03
Lister og salstrofé
Vekelister Liste (1984–85) PlasseringAustralia (Kent Music Report) 28Tyskland (GfK Entertainment) 52US Hot Dance Club Songs (Billboard) 16US Mainstream Rock (Billboard) 32
Årslister Liste (1984) PlasseringCanada Top Singles (RPM) 59 Liste (1985) PlasseringUS Billboard Hot 100 59
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Better Be Good to Me» frå , den 22. april 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1984 Kategori:Tina Turner-songar Kategori:Songar skrivne av Nicky Chinn Kategori:Songar skrivne av Mike Chapman Kategori:Songar skrivne av Holly Knight Kategori:Songar frå 1981 Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Capitol Records-singlar Kategori:Songar produserte av Rupert Hine