Adventure Time (norsk tittel: Eventyrtid) er ein amerikansk animert fantasy-fjernsynsserie laga av Pendleton Ward for Cartoon Network. Serien er produsert av Frederator Studios og Cartoon Network Studios, og følgjer eventyra til ein gut med namnet Finn (spelt av Jeremy Shada) og bestevennen og adoptivbroren hans, Jake (John DiMaggio), ein magisk hund som kan endre form og storleik når han vil. Finn og Jake bur i det post-apokalyptiske landet Ooo, saman med karakterar som Princess Bubblegum (Hynden Walch), Ice King (Tom Kenny), BMO (Niki Yang), Marceline (Olivia Olson) og fleire. Serien er basert på ein kortfilm frå 2007, som vart produsert for Nicktoons og Random! Cartoons, ein inkubator for animerte seriar av Frederator Studios. Etter at kortfilmen vart ein viral suksess på internettet, bestilte Caroon Network produksjonen av ein full serie basert på kortfilmen. Serien hadde førehandsvising 11. mars 2010 og offisiell premiere 5. april 2010.
Adventure Time har henta inspirasjon frå fleire kjelder, mellom anna rollespelet Dungeons & Dragons og ulike datarollespel. Serien vart produsert med bruk av handteikna animasjon, der handlingane og dialogen i episodane er avgjorde av biletmanuset, basert på grove konturar. Av di kvar episode tok om lag åtte til ni månader å fullføre, vart fleire episodar arbeidde på samstundes. Stemmeskodespelarene spelte inn dialogane sine i gruppeopptak, og serien hadde jamleg gjesteskodespelarar for mindre framståande og tilbakevendande karakterar. Kvar episode varer om lag elleve minutt, der par av episodar ofte er sende for å fylle programrom på ein halv time. Cartoon Network annonserte 29. september 2016 at serien ville ende i 2018, etter sendinga av den tiande sesongen. Seriefinalen «Come Along With Me» vart send 3. september 2018, og Adventure Time hadde då kome opp i 283 episodar fordelte på dei ti sesongane. Den 23. oktober 2019 vart fire timelange spesialepisodar, kollektivt kalla Adventure Time: Distant Lands, annonsert til å sendast eksklusivt på HBO Max, dei to første i løpet av 2020.
Adventure Time har vore ein sjåarsuksess for Cartoon Network og nokre episodar har tiltrekt over tre millionar sjåarar. Trass i at serien hovudsakleg framstår som retta mot barn, har han utvikla ein tilhengjarskare blant tenåringar og vaksne. Serien har fått positive omtalar frå kritikarar og vunne ei rekkje utmerkingar, mellom anna åtte Primetime Oscar-prisar. Adventure Time har òg avla fram ei mengd lisensierte handelsvarer, mellom anna bøker, dataspel og klede.
Utgangspunkt
Adventure Time følgjer eventyra til guten Finn (gjeve stemme av Jeremy Shada) og bestevennen og adoptivbroren hans, Jake (John DiMaggio), ein bulldogg som har magiske krefter til å endre form og storleik av eigen vilje. Serieskaparen Pendleton Ward skildra Finn som «ein vilter liten gut med sterk moral». Jake derimot er basert på Tripper Harrison, karakteren spelt av Bill Murray i 1979-filmen Meatballs, som tyder at Jake er noko likesæl, men vil gje Finn gode råd når han verkeleg treng det. Finn og Jake bur i det post-apokalyptiske landet Ooo, som var øydelagt av ein kataklysmisk atomkrig 1000 år før hendingane i Adventure Time. Gjennom serien interagerer dei med andre framståande figurar som Princess Bubblegum (Hynden Walch); regenten av Candy Kingdom og eit levande stykke tyggegummi, Ice King (Tom Kenny); ein trugande men misforstått trollmann, Marceline the Vampire Queen (Olivia Olson); ein tusen år gamal vampyr og rockemusikkentusiast, Lumpy Space Princess (Pendleton Ward); ei melodramatisk og umoden prinsesse laga av «klumpar», BMO (Niki Yang); ein sansande dataspelkonsoll forma som ein robot som bur med Finn og Jake, og Flame Princess (Jessica DiCicco); eit eldvette og herskaren av Fire Kingdom.
Utvikling Konsept og skaping Ifølgje serieskaparen Pendleton Ward var stilen til serien påverka av tida han studerte ved California Institute of the Arts (CalArts) og røynslene frå då han arbeidde som forfattar og biletmanuskunstnar på The Marvelous Misadventures of Flapjack, ein serie som vart kringkasta på Cartoon Network frå 2008 til 2010. I eit intervju med Animation World Network fortalde Ward at han arbeider for å kombinere den subversive humoren i Adventure Time med vakre augneblink, der han bruker Hayao Miyazaki-filmen My Neighbor Totoro som inspirasjon for det sistnemnde. Ward nemnde òg seriane Home Movies og Dr. Katz, Professional Therapist som inspirasjonskjelder, hovudsakleg av di begge programma er «avslappande» og har «munnleg dialog som kjennest naturleg [og er korkje] overdriven [eller] teikneserieaktig og gjennomtrengande».
mini|venstre|upright|Adventure Time-serien vart skapt av Pendleton Ward (høgre). Rob Sorcher (venstre) hadde ein innverknad i å få kanalen til å ta sjansen på å utvikle programmet.
Serien har opphav i ein sju minuttar lang kortfilm med same tittel. Ward laga kortfilmen nesten heilt åleine og fullførte produksjonen tidleg i 2006. Han vart først send på Nicktoons Network den 11. januar 2007, og vart kringkasta på nytt den 7. desember 2008 som del av antalogiprogrammet Random! Cartoons til Frederator Studios. Etter den opphavlege utgjevinga gjekk videoen viralt på internettet. Frederator Studios pitcha då ein Adventure Time-serie for Nicktoons Network, som avviste han to gonger. Etter kvart gjekk fullmakta til Nicktoons om å lage ein heil serie ut på dato, og Frederator Studios pitcha han for andre kanalar. Eitt av studioa som Fredrator presenterte serien for var Cartoon Network, som viste interesse i å produsere ein full serie. Dei ville likevel berre inngå ein avtale dersom Ward kunne prove at pilotepisoden «ikkje berre var ein one-hit wonder». Rob Sorcher, som var chief content officer for Cartoon Network, hadde ein innverknad i å få kanalen til å satse på serien, han sannkjende serien som «noko som kjentest veldig indie ... teikneserieaktig [og] nytt».
mini|upright|Patrick McHale var kreativ regissør for Adventure Time dei to første sesongane.
Cartoon Network bad Ward leggje fram eit prøvescript som dei kunne vurdere, men Frederator overtyda han om å heller konsipere eit biletmanus, ettersom «eit biletmanus ville gi eit betre inntrykk av kva Pen hadde i tankane», ifølgje visepresidenten Eric Homan i Frederator. Ward og studiekameratane hans Patrick McHale og Adam Muto byrja å utvikle idear, samstundes som dei fokuserte på «å halde på dei bra tingane frå den originale kortfilmen [og dertil] forbetre dei». Det første produktet frå gruppa var eit grovt utkast til eit biletmanus med Finn og Princess Bubblegum som drar på eit stemnemøte for å ete spagetti. Cartoon Network var ikkje nøgd med denne historia, og Ward, McHale og Muto laga dermed biletmanus for episoden «The Enchiridion!», som var forsøket deira på å etterlikne stilen i den opphavlege Nicktoons-kortfilmen. Denne framferda var vellukka og Cartoon Network godkjende den første sesongen i september 2008. «The Enchiridion!» var den første episoden som gjekk inn i produksjon.
Ward og produksjonsteamet hans byrja å teikne biletmanusa til episodane og skrive konturar til handlingane, men Cartoon Network var framleis uroa for retninga til den nye serien. McHale kunne seinare hugse at i løpet av pitchen av ein episode titulert «Brothers in Insomnia» (som seinare vart forkasta) var rommet fylt med leiarar frå Cartoon Network. Pitchen gjekk bra, men produksjonspersonalet fekk snart fleire spørsmål om den stilistiske retninga til serien. I håp om å bøte på desse problema, hyra leiinga i Cartoon Network tre veterananimatørar som hadde arbeidd på SpongeBob SquarePants: Derek Drymon (som var produsent for den første sesongen av Adventure Time), Merriwether Williams (som var sjefsredaktør for handlingane i sesong ein og to), og Nick Jennings (som vart mangeårig kunstregissør for serien). Thurop Van Orman, skaparen av The Marvelous Misadventures of Flapjack, vart òg hyra for å vegleie Ward og personalet hans dei første to sesongane. Etter kvart greidde biletmanuset til «Prisoners of Love» å mildne fleire av bekymringane som nokre av sjefane ved Cartoon Network hadde uttrykt.
Medan produksjonen av sesong ein gjekk framover, vart fleire kunstnarar tilsette. Dan «Ghostshrimp» Bandit, ein frilans illustratør som hadde skrive og laga biletmanus for Flapjack, vart hyra som leiande bakgrunnsdesignar for serien. Ghostshrimp designa sentrale stader, inkludert heimen til Finn og Jake, Candy Kingdom og Ice Kingdom. Phil Rynda fekk øvste ansvar som karakterdesignar, og hadde denne rolla i to sesongar og ein halv. Produksjonsgruppa (inkludert Ward og McHale) var først nølande med å få han med, men vart snart overtyda av regissøren Larry Leichliter, som forsikra dei at Rynda var dyktig og kunne teikne i mange ulike stilar. Etter at produsentane vart nøgde, byrja Rynda å lage figurar som var enkle, men passa med «Pen's naturlege estetikk» På denne tida, byrja Rynda og McHale å lage utkast til kunstnariske retningslinjer for serien, slik at animasjonsstilen alltid ville vere noko konsistent. Med fleire av sjefsrollene innan produksjonen okkoperte, retta Ward merksemda si mot å velje ut biletmanuskunstnarar for den første sesongen. Han danna etter kvart ei gruppe av hovudsakleg «yngre, uerfarne folk», der fleire av dei vart oppdaga på internettet. Mange av desse personane hadde bakgrunn i indie-teikneseriar, og Ward skildra dei som «verkeleg smarte luringar», som seinare var ansvarlege for å tilføre meir idiosynkratiske og spirituelle idear til serien.
I løpet av dei første fire og ein halve sesongane av serien, tente Ward som showrunner for Adventure Time. I eit intervju med Rolling Stone, avslørte Ward at han gjekk av i løpet av den femte sesongen. Som ein naturleg introvert person, opplevde han det som utmattande å interagere med og styre folk kvar dag. Etter at Ward hadde trekt seg frå posten, vart Adam Muto ny showrunner for serien. Fram til seint i 2014, held Ward fram med å arbeide på serien som biletmanuskunstnar og forfattar. Etter november 2014 slutta han å jamleg bidra med skisser til nye episodar, sjølv om han framleis såg over handlingane, gav sporadiske innspel og laga biletmanus for serien i eit avgrensa omfang.Examples of latter series episodes storyboarded by Ward include:
Kringskasting og sjåartal Episodar
Kvar Adventure Time-episode varer om lag elleve minutt, der par av episodar ofte er sende for å fylle promgramrom på ein halv time. Før den offisielle debuten av den første sesongen, sende Cartoon Network dei to episodane «Business Time» og «Evicted!» høvesvis 11. og 18. mars, som var reklamerte som førehandsvisingar av den komande serien. Programmet hadde offisiell premiere med episoden «Slumber Party Panic» den 5. april 2010.
I dei seinare åra i kringkastinga av Adventure Time begynte programmet å eksperimentere med eit miniserie-format, der fleire episodar etter kvarandre var del av eit større stykke. Den første av desse var Stakes i 2015, som vart send under den sjuande sesongen. Den påfølgjande miniserien Islands vart send under den åttande sesongen i 2017, og den tredje og siste, Elements, vart send under den niande sesongen i 2017.
I løpet av dei første seks sesongane vart episodar sende regelmessig ein gong i veka. Frå november 2014 byrja programmet derimot å sende nye episodar via såkalla «bombs», eller gjennom heile veker der nye episodar debuterte kvar dag. Denne endringa i måten å kringkaste serien på, skipla sjåarmønsteret hjå nokre i tilhengjarskaren. Til dømes Dave Trumbore i Collider.com som forklarte: «Før i tida, då [programmet] vart sendt etter eit fast skjema, var det litt lettare å halde følgje med dei meir heftige episodane fulle av halvforklart mytologi og massevis av non sequiturs. I løpet av dei siste sesongane derimot, når episodane byrja å sendast meir sporadisk som delar av spesialar på fleire episodar, [vart det lettare å gå glipp av] dei tilfeldige sendetidspunkta til nokre av episodane.»