«The Best» er ein song skriven av Mike Chapman og Holly Knight, opphavleg spelt inn av Bonnie Tyler i 1988 på albumet Hide Your Heart. Singelen nådde tiandeplassen i Noreg og 95. plassen i Storbritannia.
Singelen vart gjeven ut på CD i 1988 i lag med to sjeldne spor som Tyler spelte inn, «The Fire Below» og «Under Suspicion».BONNIE TYLER The Best (Rare 1988 UK 3-track CD single including The Fire Below and Under Suspicion (by Jim Steinman). eil.com. Henta 13 March 2013
Songen vart året etter spelt inn av Tina Turner og ho fekk stor suksess med songen. Han vart gjeven ut på hitalbumet hennar, Foreign Affair. Begge versjonane, både Tyler og Turner sin, er ofte blitt nytta under idrettsarrangement.
Lister Liste (1988) Plassering
Tina Turner-versjonen Songen vart spelt inn av Tina Turner i 1989, og ho fekk stor suksess med songen. Han vart gjeven ut på hitalbumet hennar, Foreign Affair. Saksofonsoloen på Turner-versjonen er spelt av Edgar Winter.
Holly Knight fortalte Songfacts: «'Simply the Best' er ein av dei sjeldne juvelane som er ein positiv song, men ikkje cheesy. Det som er vanskeleg er å skrive ei positiv stemning som verkar oppriktig - det er ein høg orden.»
I 1992 spelte Turner inn «(Simply) The Best», ein duettversjon av songen med den australske rockesongaren Jimmy Barnes, for å marknadsføre rugbysesongen i New South Wales i Australia det året. Denne kom ut på ein avgrensa bonussplate av den australske versjonen av samlealbumet Simply The Best.
Versjonar og miksar
7" Edit - 4:11 Albumversjonen, òg kalla Extended 12" Mix - 5:28 Extended Mighty Mix - 6:35 Single Muscle Mix - 4:16 Extended Muscle Mix - 5:28 «(Simply) The Best» (med Jimmy Barnes, 1992) - 4:11 «(Simply) The Best» (Extended Mix) (med Jimmy Barnes, 1992) - 5:29
Lister
Vekeslister Liste (1989) PlasseringCanada (The Record) 3Europa (European Hot 100 Singles) 3Finland (Suomen virallinen lista) 3Tyskland (GfK Entertainment) 4Italia (Musica e dischi) 3Spania (PROMUSICAE) 20 Liste (1992) Plassering Liste (2010) PlasseringEuropa (European Hot 100 Singles) 35
Årslister
Liste (1989) PlasseringAustralia (ARIA) 33Austerrike (Ö3 Austerrike Top 40) 16Belgia (Ultratop 50 Flandern) 19Canada Top Singles (RPM) 52Tyskland (Official German Charts) 41Italia (Hit Parade Italia) 22Nederland (Dutch Top 40) 27Noreg - Haustlista (VG-lista) 14Switzerland (Schweizer Hitparade) 27UK Singles (Official Charts Company) 41 Liste (1992) PlasseringAustralia (ARIA) 78
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Best (song)» frå , den 15. mai 2016.
Kategori:Singlar frå 1989 Kategori:Tina Turner-songar Kategori:Bonnie Tyler-songar Kategori:Songar skrivne av Mike Chapman Kategori:Songar skrivne av Holly Knight Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar produserte av Desmond Child Kategori:Songar frå 1988 Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Mushroom Records-singlar Kategori:Capitol Records-singlar