«It Takes Two» var ein hitsong spelt inn seint i 1965 av Marvin Gaye og Kim Weston for Motown-selskapet Tamla.

Songen var produsert av den dåverande ektemannen til Weston og venen til Gaye, William «Mickey» Stevenson, og skriven av Stevenson og Sylvia Moy. «It Takes Two» har ein kjærleikstekst som omtalar mange ting i livet som er mykje betre når ein er to og ikkje aleine. Singelen vart ein av dei mest populære duettane til Gaye.

Singelen nådde 14. plassen på Billboard Pop-lista og fjerdeplassen på soullista i USA i januar 1967. «It Takes Two» vart òg den første store hitten til Gaye i Storbritannia, der han nådde 16. plassen på den britiske singellista våren det året.

I 1967 spelte òg Otis Redding og Carla Thomas inn songen for duettalbumet deira, King & Queen.

Songen vart sidan spelt inn av Donny and Marie Osmond i 1974.

Medverkande All vokal av Marvin Gaye og Kim Weston Instrument av The Funk Brothers og The Detroit Symphony Orchestra Produsert av William «Mickey» Stevenson

Rod Stewart- og Tina Turner-versjonen

I 1990 vart «It Takes Two» spelt inn av Rod Stewart og Tina Turner og vart nytta i ein fjernsynsreklame for Pepsi. Det var den første singelen frå Stewart-albumet Vagabond Heart, produsert av Bernard Edwards og gjeve ut seint i 1990. Duetten vart ein hit i Europa og nådde femteplassen i Storbritannia og topp 10 i mangel and i Europa. Han kom sidan ut på samlealbum av begge artistane, Turner sitt Simply The Best (1991) og Stewart sin The Very Best of Rod Stewart (2001).

Versjonar og miksar Albumversjonen - 4:13 Extended Remix - 4:51

Lister Vekeslister Liste (1990–91) PlasseringEuropa (European Hot 100 Singles) 7Finland (Suomen virallinen lista) 12Tyskland (GfK Entertainment) 22Italia (Musica e dischi) 4Spania Radio (PROMUSICAE) 36

Årslister Liste (1990) PlasseringItalia (Hit Parade Italia) 32Nederland (Single Top 100) 50 Liste (1991) PlasseringNederland (Dutch Top 40) 214

Andre versjonar Billie Piper spelte inn songen seint i 1998 som B-sida til singelen «She Wants You». Claude François spelte inn songen på fransk som «Il faut être deux pour ça» Den namibiske songaren Nianell og den sørafrikanske songaren Dozi spelte inn songen i 2009.http://www.kalahari.com/Music/It-Takes-Two_p_34516058?gclid=CKeQ-t3v67sCFYUewwodXAsAGw Henta 15. mai 2016 Tower of Power

I andre media Originalversjonen av songen vart nytta i ein reklamefilm i 1982 for bilmerket Talbot i Storbritannia.

Songen vart nytta i filmen It Takes Two med Mary-Kate og Ashley Olsen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «It Takes Two (song)» frå , den 15. mai 2016.

Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:Londonbeat-songar Kategori:Marvin Gaye-songar Kategori:Rod Stewart-songar Kategori:Tina Turner-songar Kategori:Duettar Kategori:Billie Piper-songar Kategori:Songar skrivne av Sylvia Moy Kategori:Songar skrivne av William «Mickey» Stevenson Kategori:Tamla Records-singlar Kategori:Songar produserte av William «Mickey» Stevenson Kategori:Singlar frå 1990