Guro Fjellanger () er ein norsk politikar frå Venstre. Frå 1986 til 1988 var ho leiar av Unge Venstre.

Ho var statsråd og sjef for Miljøverndepartementet (miljøvernminister) i regjeringa Bondevik I frå 1997 til 2000.

Guro Fjellanger vart fødd i Bergen, men voks opp på Stokmarknes. Ho vart fødd med sjukdommen spina bifida, som gjer at ho måtte gå med krykkjer heile livet. Ho var utdanna gullsmed, og hadde grunnfag i idéhistorie.

Då ho flytta til Oslo som 19-åring vart ho aktiv i Unge Venstre. Ho var organisasjonssekretær 1985-1986, og leiar 1986-1988. I åra 1991-1995 var ho generalsekretær i Nei til EU. Perioden 1996-2000 var ho nestleiar i Venstre.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske miljøvernministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Bondevik I Kategori:Venstrestatsrådar Kategori:Leiarar i Unge Venstre Kategori:Venstrepolitikarar i Oslo Kategori:Folk frå Hadsel Kategori:Folk frå Bergen