Laurent Robert Blanc () er ein fransk tdilegare fotballspelar og seinare -trenar frå Alès i Languedoc-Roussillon. Han vart verdsmeister i 1998 og europameister i 2000 med Frankrike. Den høgreiste midtstopparen deltok i 97 landskampar i tida 1989-2000 og skåra 16 landslagsmål.
Blanc spelte på Montpellier frå 1983 til -91. Dei neste 12 åra vandra han mellom åtte ulike nasjonale toppklubbar i Italia, heimlandet Frankrike, spanske FC Barcelona og engelske Manchester United. Som klubbspelar vart han fransk cupmeister 1990 med Montpellier, og fransk både serie og cupmeister 1996 med Auxerre. I 1997 vann båe UEFA-cupen og den spankse cupmeisterskapen med Barcelona, medan han 2003, i sin siste sesong som aktiv spelar, vart engelsk ligameister med Manchester United.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Laurent Blanc» frå , den 5. juni 2016.
Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Franske fotballtrenarar Kategori:Montpellier-spelarar Kategori:Saint-Étienne-spelarar Kategori:Auxerre-spelarar Kategori:Marseille-spelarar Kategori:Napoli-spelarar Kategori:Inter-spelarar Kategori:Barcelona-spelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1992 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1996 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000