Isefjorden på Nordvestsjælland i Danmark er ein om lag 35 kilometer lang og 305 km² stor fjord som går sørover frå eit smalt sund inn frå havstykket Kattegat mellom Hundested og Rørvig. Saman med Roskilde Fjord, som munnar ut i Isefjorden i nord, dannar desse to fjordane halvøya Hornsherred, med Isefjorden på vestsida og Roskilde Fjord på austsida. Isefjorden, som er ein såkalla terskelfjord ved å vere grunnare i innløpet frå havet enn elles, er i gjennomsnitt 5-7 meter djup. Den største djupna er på 17 meter, på vestsida av øya Orø. Innhaldet av salt i vatnet ligg mellom 1,6 % og 2,2 %.
Isefjorden har fleire parti med eigne namn: Nykøbing Bugt ved Nykøbing Sjælland, Sidinge Fjord (som vart demma inn i 1841), ved Vig, Lammefjorden, Holbæk Fjord ved Holbæk Tempelkrogen og Jægerspris Bugt i nærleiken av Jægerspris, sør for der Roskilde Fjord munnar ut i Isefjorden.
Kategori:Fjordar i Danmark