Ugler i mosen er eit uttrykk av dansk opphav som blir brukt om noko som er mistenkeleg eller om ein aner skjulte farar.ugler i mosen, Norsk Ordbok Uttrykket viser eigentleg til ulvar i myra, men er blitt lånt inn til norsk og svensk med «mose» uomsett.

Uttrykket er kjend frå 1600-talet av, og blei mellom anna samla inn av leksikgrafen Mathias Moth (ca. 1647-1719) og teke med i ordboka hans som «der er ûlve i mosen».Ûlf, Moths Ordbog

På 1700-talet blei ulver forsvanska til ugler, truleg på grunn av den store lydlikskapen mellom dei to orda i nokre dialektar (begge orda er også blitt skrivne uler og uller).ulv og ugle i Ordbog over det danske Sprog På jysk var ordtaket til dømes «der er uller i mosen».Achton Friis: «Jegindø», De Danskes Land

Det at ulvane forsvann frå uttrykket er også sett i samanheng med at dei blei utrydda frå Danmark, først på Sjælland og sidan 1800-talet også i Nørrejylland.Den nordiske verden 1 (s. 69), Gyldendal 1992, ISBN 87-01-79030-7 Den same ombyttinga har funne stad i omgrepet «uglesjå» eller «uglesett», som opphavleg var ulvese.«Ugler i mosen», Store norske leksikon.

Kjelder

Bulldozer, http://www.bulldozer.nu/intryck/spraka11.html

Kategori:Danske ord og uttrykk