Giacobini–Zinner (offisielt 21P/Giacobini–Zinner) er ein periodisk komet i solsystemet.

Han vart oppdaga i 1900 av Michel Giacobini og igjen i 1913 av Ernst Zinner. Omlaupstida er 6,61 år med perihelavstand 1,034 og aphelavstand 6,01 AU. Han har vore observert i 11 perihelpassasjar, siste gang i 1985. Det er den første kometen som er studert frå nært hold av ein romsonde. Giacobini–Zinner vart møtt av romsonden International Cometary Explorer, ICE, som utførte plasmaobservasjonar i komethalen 7800 km frå kjernen 11. september 1985.

Kjernen av kometen er estimert til å vere 2,0 kilometer i diameter.

Kjelder

Kategori:Kometar vitja av romfartøy Kategori:Himmellekamar oppdaga i 1900 Kategori:Periodiske kometar