Heinrich Louis d'Arrest () var ein tysk-dansk astronom
Han var professor i Leipzig frå 1852 til 1857, og frå 1857 professor i København. Arbeidsområdet hans var særleg innan astrometri. Han oppdaga kometen d'Arrest i 1851. Han føretok systematisk leiting etter tåker på himmelen og offentleggjorde i 1867 ein stor katalog over desse.
Krateret D'Arrest på månen er namnsett etter han, og det same er eit krater på Marsmånen Phobos og asteroiden 9133 d'Arrest.
Kjelder
Kategori:Astronomar på 1800-talet Kategori:Tyske astronomar Kategori:Asteroideoppdagarar Kategori:Kometoppdagarar Kategori:Vitskapsfolk frå Berlin Kategori:Elevar ved Humboldt-universitetet i Berlin Kategori:Tilsette ved Leipzig universitet Kategori:Royal Astronomical Society sin gullmedalje Kategori:Medlemmar av Det kongelege svenske vitskapsakademiet