Bø Mållag er eit lokallag i Noregs Mållag, og er med i Telemark Mållag. Bø Mållag vart skipa i 1902 på Gunvorskås i Bø. Jostein Nerbøvik skreiv i 1977 artikkelen Blad or målsoga i Bø til Årbok for Telemark 1977.

Bø Mållag deler ut prisen Målblomen, og prøver å finna tre verdige kandidatar kvart år. Prisen er eit klistremerke, ein stor bukett roser og heiderleg omtale i Bø Blad.

Desse har motteke prisen til no: Bygdabilly Band - februar 2006 Maurtuva Familiebarnehage - oktober 2005 Bø Brudesalong - juni 2005 Bø Apotek - februar 2005 Moland Bakeriutsalg - oktober 2004 Bø Blad - juni 2004

Bakgrunnsstoff

Bø Mållag si heimeside

Kategori:Noregs Mållag Kategori:Telemark Mållag Kategori:Kultur i Midt-Telemark Kategori:Skipingar i 1902