Olaf Knudson () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Sigdal i Buskerud. Han representerte Buskerud fylke og partiet Høgre på Stortinget i 24 år.
Knudson var son til ein gardbrukar. Han gjekk 1933-35 skogskulen på Storhove Landbruksskule i Oppland. Dei neste åra arbeidde han heime på garden. I 1939 vart han student ved skogbruksavdelinga på Noregs landbrukshøgskole og i 1942 tok han eksamen som forstkandidat . Han tok over farsgarden i 1942 og dreiv denne og frå 1946 også eit eige sagbruk fram til 1976.
Knudson var medlem av heradsstyret i Sigdal frå 1945 til -67. Han var varaordførar i åra 1947–55. Ved stortingsvalet hausten 1953 vart han vald inn på Stortinget frå Buskerud, og vart attvald heile fem gongar. I sesjonane frå 1954 til 1967 var han med i Skog-, vassdrags- og industrikomitéen, nestformann 1958–65. Knudson var representanten som i 1963 fremja framlegget om mistillit til Einar Gerhardsen si regjering, og som førte til at regjeringa måtte gå av. Frå 1967 til 1975 var Knudson med i Industrikomiteen, som nestformann dei to siste sesjonane. Han avslutta tida som stortingsrepresentant med plass 1975-77 i Administrasjonskomitéen. Knudson var medlem i landsstyret til Høgre frå 1955 til 1970.
Frå 1978 til -83 var Knudson formann i Det norske Skogselskap.
Kjelder
Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Lokalpolitikarar i Sigdal Kategori:Høgrepolitikarar i Buskerud Kategori:Folk frå Sigdal