Karl Henry Fyhn () var ein norsk prest og politikar, fødd i Trondheim. Han representerte Venstre i Stortinget perioden 1916-18, vald frå Sarpsborg krins.

Fyhn var son til Henriette Barbara With og tollkontrollør Hans Jørgen Fyhn. Han vart student frå Skien skole i 1870 og cand.theol. i 1876. I studieåra var han huslærar i Sandvika og lærarvikar i Fredrikstad, heile tida for å finansiere studiane. Frå 1876 til -78 lærar ved han ved Aars & Voss skule og ved Falsens jenteskule i Kristiania. Deretter var han kateket i Farsund frå 1878. Sidan var han sokneprest 1883-95 i Fredriksvern og 1895-1925 i Sarpsborg.

Fyhn var forlikskommissær i Fredriksvern alle åra han var der, og ordførar 1888-95. Også i Sarpsborg var han ordførar, 1905-07, og dessutan formann i skulestyret. Valperioden 1903-06 var han varamann til Stortinget frå Sarpsborg krins. Ved stortingsvalet 1915 vart han vald å representere same einmannskrinsen på Stortinget. Han var ei kort tid med i Sosialkomiteen, sidan medlem i Næringskomite nr. 2 ut 1918.

Referansar

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Stortingsbiografi

Kategori:Norske lutherske prestar Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Smaalenenes amt Kategori:Ordførarar i Stavern Kategori:Venstreordførarar i Vestfold Kategori:Ordførarar i Sarpsborg Kategori:Venstreordførarar i Østfold Kategori:Folk frå Sarpsborg Kategori:Folk frå Trondheim